Bygdelistene valvinnar i Øygarden og Askøy

Børge Haugetun (TVØ) i Øygarden og Bård Espelid (Askøylisten) er dei desiderte valvinnarane med størst framgang i sine kommunar litt før kl. 23 valkvelden.

Børge Haugetun gjekk til valkampen full av sjølvtillitt og tru på TVØ sin føreståande valsiger.
Valvinnar i Øygarden. Børge Haugetun gjekk til valkampen full av sjølvtillitt og tru på TVØ sin føreståande valsiger.

 

Når 45 prosent av stemmene i Øygarden er talt opp, ligg TVØ best an, med 38,2 prosent, ein framgang på fem prosent. Satsinga på å styrka kommunesenteret Rong, kombinert med den veldige mobiliseringa for  framleis eigedomsskatt på verk og bruk ser ut til å ha slege bra an hos Øygardsstrilen.

Bård Espelid og Askøylista siglar fram på eit sterkt lokalpolitisk engasjement som dei etablerte politiske partia har oversett.
Bård Espelid og Askøylista siglar fram på eit sterkt lokalpolitisk engasjement som dei etablerte politiske partia har oversett.

I Askøy ser det ut til at ordførar Siv Høgetun (H) har gått på ein skikkelig smell, med 10,4 prosent nedgang i stemmene. Opp siglar Bård Espelid og nykommaren Askøylista, med 8,8 prosent. Asketappane har sagt tydeleg frå at dei ønskjer at heile Askøy skal takast i bruk, framfor ein gigantby på Kleppestø.

Skifte i Fjell

Marianne Bjorøy kan smila breidt over å leia største partiet i Fjell.
Marianne Bjorøy kan smila breidt over å leia største partiet i Fjell.

Marianne Bjorøy og Arbeiderpartiet siglar opp og tek posisjonen som største parti i Fjell. Etter ein vekst i oppslutnad på 5,7 prosent, har partiet sikra ein oppslutnad på 27,6 prosent. Tom Georg Indrevik og Høgra må sjå at opplutnaden har sunke med 4,7 prosent, og har no bak seg 23,3 prosent av veljarane.

Jan Utkilen i Sotralista ser ut til å halda på posisjonen frå forrige val. Når 99 prosent av stemmane er talte opp, har bygdalista i Fjell 11,7 prosent av røystene, ein nedgang på 0,8 prosent.

Høgreras i Sund
Ordførar Kari Anne Landro og Høgre er ut til å behalda posisjonen som største partiet i Sund, trass i eit dramatiske fall på 10,7 prosent. Arbeiderpartiet og Jogeir Sognnæs har hatt ein vekst på ni prosent men vert nest største parti med 29,1 prosent av røystene.

FrP og Svein Otto Jacobsen ser ut til verta tredje største parti, med 13,6 prosent av veljarane bak seg, etter eit fall på 2,7 prosent.

Les meir:
TVØ-topp Børre Haugetun: -Her skal kommunegrensa gå!
Folkeopprøraren Bård Espelid på Kleppestø

Ap-topp Marianne Bjorøy: – Alt er til sals!

FrP-topp Svein Otto Jacobsen – ikkje så veldig populistisk likevel

Les også:

Einebustadane sin forsvarar – Kjell Rune Garlid i Sotralista

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s