Kolltveit – det gløymde industrieventyret

Kolltveit var for 100 år sidan ein blømande industristad. Gjennom eit intrikat system av stemme sytte eigarane av først mølla og seinare hermetikkfabrikken for å sikra vassressursane dei trong for å driva og skapa arbeidsplassar.

rørgata
I Stemmebakken kan vi framleis følgja røyrgata som førte vatnet til fabrikken.

Godt vaksne Sotrastrilar har høyrt om hermetikkfabrikken på Kolltveit, andre har hatt ærend hos firma som held til i Industrihuset. Får kjenner heile historien om dette tidlege industrieventyret på Sotra.

Det heile starta med bygda sine naturgjevne ressursar – rikeleg tilgang på vatn. I samband med Kystsogevekene i Fjell var Inge Kolltveit hyra inn til å fortelja soga om korleis tilgangen til dei kostbare vassressursane gjorde industrieventyret mogeleg.

Ny teknologi

Idar Kolltveit er oldebarn av Møllaren - Anders Larsen - og ein engasjert forteljar om Kolltveit sin industrihistorie.
Inge Kolltveit er oldebarn av Møllaren – Anders Larsen – og ein engasjert forteljar om Kolltveit sin industrihistorie.

Så vidt vi veit sette Antonesen opp første mølla i sjøkanten på Kolltveit kring 1850. Frå tidlegare var det møller mellom anna på Morlandstø (Støa) og i Skålevik, fortalde Kolltveit.

Då Møllaren – Anders Larsen – overtok eit kvart hundreår seinare bygde han ny, stor mølle og revolusjonerte drifta; dei gamle kvernsteinane måtta vika plass for ei moderne valsemølle. Møllaren eigde også ei saltebu. Begge tiltaka gav kjærkomne arbeidsplassar og grunnlag for ringverknadar. Kring 1900 var det både butikk, bakeri, post, telegraf og dampskipskai i Kolltveit, fortalde Larsen sitt oldebarn Inge Kolltveit.

Overetablering og konsolidering
Men Larsen var ikkje aleine om å satsa på mølledrift. Når nokon tenar pengar, er det gjerne mange andre som vil freista å kopiera suksessen. Prisane vert pressa. Ved århundreskiftet starta ei storstilt konsolidering i bransjen, og i 1912 vart det slutt på mølledrifta, ifølgje Kolltveit.

Store investeringar

Halvgjestemma vert gjerne kalla Sotra sitt svar på den Kinesiske muren. Folk som ferdast på stemma vert små.
Halvgjestemma vert gjerne kalla Sotra sitt svar på den Kinesiske muren. Folk som ferdast på stemma vert små.

Med første verdskrigen kom det ei oppblomstring av hermetikkindustrien – eit krigsherja Europa trong mat, og sild og brisling fantes i overflod langs Vestlandskysten. På nytt vart det investert stort på Kolltveit, men alt i 1915 enda det med ein ny økonomisk smell.

Då overtok Pedersen- familien. Dei hadde tilsvarande anlegg 15 andre stadar i landet, og visste korleis ein hermetikkfabrikk skulle drivast. På det meste hadde dei 130 tilsette, hovudsakeleg kvinnelege sesongarbeidarar, men også eindel mannlege pakkarar og vedlikehaldsarbeidarar.

Kampen for vasskrafta

Det er store dimensjonar vi snakkar om. Her er køyrevegen oppå Halvgje-stemma.
Det er store dimensjonar vi snakkar om. Her er køyrevegen oppå Halvgje-stemma.

Ei vesentleg oppgåve for dei fast tilsette mannfolka var å byggja, oversjå og vedlikehalda dei etterkvart mange stemmene som sikra fabrikkanlegget vasskraft.

Restar av røyrgata som førte vatnet til fabrikken er framleis mogeleg å sjå i Stemmebakken.

Det var kamp om vassressursane i utmarksområda kring Kolltveit. Møllaren sytte for å sikra fabrikkanlegget det han kunne av vasskraft. Han fekk bygd fleire stemmer som magasinerte vatnet og sytte for at det rann i retning Kolltveit, istaden for til nabobygdene. Den konkurrerande mølla i Støa mista mesteparten av vatnet sitt som følgje av Larsen sine oppdemmingstiltak, fortalde Kolltveit.

Sotra sitt svar på den kinesiske muren
Folk som i dag ferdast i utmarka mellom Kolltveit og Fjell stussar når dei brått kjem over ein fleire hundre meter lang og fem – seks meter høg steinmur midt i ingemannsland. Byggverket er godt synleg på lang avstand.

Halvgje-vatnet, som stemma vert kalla, er meistarverket til kraftverksbyggjaren Larsen. Då han bygde stemma på 1890-talet, nytta han spesialistar – rallarar frå heile Norden. Ser vi på steinen, ser vi at rallarane har nytta minebor og dynamitt, som vart oppfunnen av Alfred Nobel berre 40 år tidlegare, under bygginga, ifølgje Kolltveit.

Betydeleg investering
Bygginga av stemma må ha representert ei betydeleg investering for Møllaren. Kor mykje bygginga kosta, korleis tiltaket vart finansiert og kor mange som arbeidde for å byggja stemma attstår det framleis å grava fram frå historien sitt mørke.

Korleis storinvesteringa påverka drifta av mølla, og kva betydning den fekk for nedlegginga eit tiår seinare, kan vi også berre spekulera på.

Forsvunnen protokoll

Industrihuset på Kolltveit husar i dag ei mengde små og store verksemder. Både hermetikkfabrikken og mølledrifta er historie.
Industrihuset på Kolltveit husar i dag ei mengde små og store verksemder. Men både hermetikkfabrikken og mølledrifta er historie.

På 1890-talet var det verken krav om reguleringsplan eller konsesjon for å byggja eit slikt anlegg.

– Stemma må ha vore behandla i Kommunestyret, men akkurat den protokollen er forsvunne, beklagar kultursjef Lennart Fjell.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.