Bråbrems for bilforhandlarane

Sotrastrilen kjøper bilar som aldri før – men vi vel i stadig større grad å kjøpa elbilar – hos forhandlarane på innsida av Sotrabrua. Det viste att i rekneskapane for dei lokale forhandlarane i fjor.

Sotrastrilen etterspør små hybridbilar som Yaris, fortel dagleg leiar Lars Ulveseth hos Toyota Sotra.
Sotrastrilen etterspør i stigande grad små hybridbilar som Yaris, fortel dagleg leiar Lars Ulveseth hos Toyota Sotra.

Av dei lokale bilforhandlarane var det berre Toyota Sotra som klarte å sikra ein ørliten vekst i både omsetnad og resultat i fjor.

Hybridsalet tek av
– Vi har flinke seljarar som gjorde ein bra jobb, skryt dagleg leiar Lars Ulveseth når Tunnelsyn ringer og ber om ein kommentar.

Små hybrid-modellar som Toyota Yaris tek stadig større del av marknaden, og har bidrege til at forhandlaren på Ågotnes har hatt ein forsiktig vekst i salet så langt i år.

– Tre av fire bilar som rullar ut dørene frå Toyota-forhandlaren er no ein hybrid, ifølgje Ulveseth.

Dramatisk inntektssvikt
Lieco Auto var den forhandlaren som tydelegast fekk merka endringane i kjøparane sine preferansar i fjor. Sotra sin eldste bilforhandlar opplevde ein dramatisk svikt i inntektene på heile 18,4 millionar kroner i fjor.

Tapet av 25 prosent av salsinntektene svei, medgjev dagleg leiar Geir Ole Lie hos Lieco Auto.

Skuldar på samferdselspolitikken
– Hyundai manglar elbilar, og dermed mista vi halve marknaden, konstaterer Lie.

Folk tilpassar seg til den rådande samferdslepolitikken. Gratis bompengar, gratis parkering og gratis lading er mykje av forklaringa på salssvikten i fjor, meinar Lieco-sjefen.

Fordforhandlaren Sotra Bil opplevde ein negativ salsutvikling på 5,8 millionar kroner.

Inntekt og resultat for bilforhandlarane på Sotra i 2014:

Forhandlar Driftsinntekt 2014 Endring % Resultat før skatt 2014 Endring %
Toyota Sotra AS 62,8 mill    1,9    1,39    43
Sotra Bil AS 48,3 mill    -10,7    0,7    -18,6
Lieco Auto AS 53,6 mill    -25,5    -0,4    -66

 

Les meir om bilsalet i region vest:

Elbilane vinn kampen om nybilkundane i region Vest

Strilane kjøper trygt – nybilsalet i første halvår

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s