– Spar 10 prosent på direkteimporterte bilar

Utviklinga i nybilsalet i region vest har vekka konkurranseinstinktet hos dagleg leiar Geir Ole Lie i Lieco Auto AS. Direkteimporterte bilar av konkurrerande merkje står no for tredelen av salet hos Hyundai-forhandlaren på Straume.

Denne ladbare Mitsubishi Outlanderen kan Lieco selja med ti prosent rabatt samanlikna med prisen hos merkjeforhandlaren, fortel dagleg leiar Geir Ole Lie.
Denne ladbare Mitsubishi Outlanderen kan Lieco selja med ti prosent rabatt samanlikna med kva du må ut med hos merkjeforhandlaren, seier dagleg leiar Geir Ole Lie.

Leiinga i eldste bilforhandlaren på Sotra fekk ein kraftig vekkjar då kundane i fjor byrja dra over Sotrabrua i flokk og følgje for å kjøpa elbil eller hybridbilar.

Hyundai-forhandlaren har verken elbil eller hybridar i sortimentet, og mista nesten halve marknaden, ifølge dagleg leiar Geir Ole Lie.

Ny strategi
For å møta dei nye konkurransevilkåra har Hyundaiforhandlaren på Straume lagt om heile strategien:
– Lieco Auto skal tilby dei bilane kundane vil ha. Om du så er på leit etter ein Ferrari med tigerskinn, vel så kan vi skaffa det og, sjølv om det nok kan ta litt tid, smiler Lie.

Direkteimport av mestselgjande konkurrerande merkjer er svaret på den endra konkurransesituasjonen, meiner Lie. Forhandlaren har drive direkteimport av nye og nyare bilar i liten skala i fleire år. Utviklinga i marknaden gjer at dei no har spissa tilbodet og intensivert satsinga.

– Vi kan tilby eindel av dei mest etterspurte modellane, også ladbare Golf, ladbare Mitsubishi og Toyota hybridar med inntil ti prosent rabatt samanlikna med det du kan kjøpa same bilen for hos merkjeforhandlaren, reklamerer Lie.

Han understrekar at prisavslaget samanlikna med merkjeforhandlaren vil variera frå modell til modell, avhengig mellom anna av valutakursane.

Norske krav
Direkteimporten omfattar både nye og nyare bilar. Bilar vert kjøpte enten gjennom grossistar eller utanlandske merkjeforhandlarar. Kundar på Sotra skal kjenne seg trygge på at bilane tilfredstiller norske krav, mellom anna til varmeapparat og batterikapasitet, fortel Lie.

Utstyret vil stort sett vera det same som det merkjeforhandlaren tilbyr, men kan variera noko frå bil til bil. Nokon bilar vil vera betre utstyrt, andre mindre.

Utvida marknad
Når strilane sviktar, må Lieco søkja seg nye marknadar. Mykje av salet skjer no via Finn.no. Aktiv bruk av den digitale marknadskanalen har gjort at Lieco Auto har gått frå å vera ein lokal Hyundaiforhandlar på Sotra, til å bli leverandør av mestseljande bilmodellar til heile Norge, ifølgje Lie.

Godt motteken
Marknaden ser ut til å lika den nye strategien. Så langt i år har Lieco Auto seld kring 70 direkteimportert bilar, av eit totalsal på 220 – 230 bilar, fortel Lie.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.