To år til sykkel VM

Strilar og bergensarar – førebu dykk på folkefest, folkehelse og internasjonal reklame.

Det byrja med at Thor Hushovd vinn landevegsrittet i Sykkel VM i Australia i 2010. Erkjenninga av at Norge har syklistar som kan hevda seg i verdsklasse har medverka til å sikra Bergensområdet Sykkel VM i 2017.
Det byrja med at Thor Hushovd vann landevegsrittet i Sykkel VM i Australia i 2010. Erkjenninga av at Norge har syklistar som kan hevda seg i verdsklasse har medverka til å sikra Bergensområdet Sykkel VM i 2017.

– Det verkar som om de har laga ei kul, spanande løype, helsa sykkelproff Thor Hushovd forsamlinga som var samla på SAS-hotellet i Bergen i kveld for å markera at det er nøyaktig to år til Sykkel VM i Bergens startar.

Spektakulært kystlandskap
Løypa Hushovd skryt sånn av går gjennom Øygarden, Fjell, Askøy og Bergen. 277 kilometer gjennom eit spektakulært kystlandskap, med havet på den eine sida og fjorden på den andre. Valet av Bergen-området som arrangørstad er lang frå tilfeldig.

Lagtempo-løypa skal gå langs austsida av Askøy og endar på Festplassen. Fellesløypa startar på Kollsnes og endar på Festplassen etter 12 rundar rundt i Bergensdalen.

300 millionar

Logo og slagord for Sykkel VM 2017 i Bergen. Denne plakaten kjem du til å sjå overalt dei neste to åra.
Logo og slagord for Sykkel VM 2017 i Bergen. Denne plakaten kjem du til å sjå overalt dei neste to åra.

– Sykkel VM er ei internasjonal storhending og vert sett av 300 millionar over heile verda. Regionen vil få same mediedekninga som ein Sommarolympiade eller eit verdsmeisterskap i fotball, helsa Idrettspresident Tom Tvedt.

Tvedt fekk Sykkel VM, folkehelse og folkefest til å smelta saman til ei høgare eining. Bergensarane er positive, og dei har erfaring med å arrangera folkefestar, seinast under Tall Ships Rece i fjor då over 600.000 personar oppsøkte Bergen sentrum.

– Eg er lei sure folk – difor er eg glad arrangementet er lagt til Bergen, sa Tvedt.

Folkefest i Fjell
– Eit fantastisk høve til å profilera Fjell internasjonalt. Dette vert stort, sa ordførar Eli Berland i Fjell, utan at ho her og no har noko formeining om kva dette kan innebera av internasjonal reklame for vekstkommunen med det fantastiske kystlandskapet.

Folkefest på Sotra Arena bør det uansett verta, og her skal alle – frå barnehageungar til sjukeheimspasientar – få delta.

Lett å selja inn
På Florvåg sit Frode Bjørn Nyhammer og gliser. Som leiar for sykkelgruppa i Fana Idrettslag var han ein av opphavsmennene til ideen om å få Sykkel VM til Bergen. I 2008 arrangerte laget Sykkel NM saman med Cycleklubben Sotra. Arrangementet var så vellukka at dei uvergeleg spurt seg sjølv: Kva gjer vi no? VM så klart!

– Vi gjekk rett til topps på Rådhuset. Tanken var utruleg einkel å selja inn, smiler Nyhammer som i dag kunne sjå at den spontane ideen har født eit arrangement som vil fengja interessa hos meir enn 300 millionar verda over.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s