Takk!

Takk til alle dei som har valt å følgja valet på Tunnelsyn. Alt no er det klart at den nye nettavisa for Sotra, Øygarden og Askøy vil setja ny rekord i september.

20141111_måseTakk også til dei som gav meg personstemmar og slengjarar i kommunevalet. Når alle stemmane er talte, er det klart at Tunnelsynredaktøren har fått ny tillit som vararepresentant i kommunestyret i Fjell.

Venstre klarte som kjent å behalda sine to faste representantar, trass i at talet på medlemmar i kommunestyret vart redusert frå 45 til 35.

Gledeleg mange har den seinare tida sett nytten av å velja Tunnelsyn som kanal til å spreia bodskapen sin. Tunnelsynredaktøren er overtydd om at vi, gjennom val av saker og vinkling, bidreg til å spre auka forståing av kompleksiteten i politikk og samfunnsutvikling i dei fire kommunane vestom Bergen. Utvikling er ikkje noko som berre skjer, den er driven av medvitne aktørar.

Oppslutnaden bekreftar at nidkampanjar ikkje nyttar. Dei som satsar på kommunikasjon og media må ha dømekraft til både å velja orda sine med omhu, men også kva kanal dei nyttar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s