Changemaker frå Nairobi

Opposisjonspolitikaren Shadrack Juma frå Nairobi har bestemt seg for å skapa endring i liva til veljarane sine. No gjestar han Sotra for å samla inn pengar til heimlege empowerment-prosjekt.

Den kenyanske opposisjonspolitikaren Snadrack Juma har laga utdanningsbibliotek til fattige ungar i Nairobi.
Den kenyanske opposisjonspolitikaren Shadrack Juma har laga utdanningsbibliotek til fattige ungar i Nairobi med støtte frå næringslivet i Fjell.

Den tidlegare fotballspelaren vaks opp i fattigkvarteret Baba Dogo i Nairobi og kom til Norge for å delta i Norway Cup første gong i 2004. Seinare har han halde kontakten med leiarane for Mathare-prosjektet i Fjell.

Nøkkel til framgang
Utdanning er nøkkelen til jobb og økonomisk vekst, i Kenya som i Norge. Juma beskriv ein skulesituasjon som får den heimlege debatten om skulestrukturen til å fortona seg som eit luksusproblem.

Grunnskulen i Kenya er gratis, men skulane i Baba Dogo er fylte til randa, med 80 ungar i klassen. Langt frå alle foreldra har råd til å kjøpa alle bøkene som trengst i undervisninga. Familiane bur oftast på eitt rom, utan ro til lekselesing. Resultatet er at svært mange av ungane går ut av skulen utan kunnskapar som kan kvalifisera til å bestå eksamen.

Utdanningsbibliotek
Det er for å bøta på dette at Juma, med bistand frå næringslivet på Sotra, har etablert eit bibliotek i Baba Dogo. Biblioteket har kjøpt inn heile klassesett med skulebøker, slik at elevane kan koma hit etter skuletid og lesa lekser i fred og ro. To bibliotekarar er tilsett for å administrera det heile.

Nairobi har ein raskt veksande industri, som mellom anna syr klede for eksport til Europa. For å få jobb her må du kunna dokumentera naudsynte kunnskapar. I håp om å kunna bøta på situasjonen, ser Juma behov for å etablera ein ny avdeling for etterutdanning i tilknyting til biblioteket.

Vidareutdanning
Etterutdanningsavdelinga skal vera eit tilbod til dei som manglar eksamenspapir frå secondary school. Hit skal dei kunna koma og få den undervisninga dei treng for å fullføra grunnutdanninga.

– Av omsyn til undervisninga skal det berre vera 50 elevar i klassen. To lærarar skal tilsetjast for å stå for undervisninga, fortel Juma.

Biblioteket vert ein kul stad å hengja for ungdomane i Baba Dogo, trur Juma.

Takkar næringslivet i Fjell
Juma rettar stor takk til næringslivet i Fjell som bidrog med 90.000 kroner då biblioteket vart etablert. No er han tilbake i Norge for å dokumentera korleis pengane er nytta, og for å henta finansiering til den nye etterutdanningsavdelinga.

– Målet i denne omgangen er å henta inn 50.000 kroner til bøker, lærarar og husleige, fortel han.

– Biblioteket disponerer 450 kvadratmeter, og har rom for fleire aktivitetar, fortel supportar Anders Mongstad i Mathare-komiteen i Fjell.

Neste prosjekt?
For å sondera mulighetane, har Juma nytta dagane i Fjell mellom anna til å oppsøkja Frivillighetssentralen og Eldresenteret. Juma har også vore på lynkurs i kjeldesortering og heimekompostering hos FjellVar:

– Baba Dogo har ikkje noko renovasjonsvesen, og dei sanitære tilhøva er så som så. 36 personar omkom nyleg under eit E-coli-utbrot. Noko av det FjellVar driv med bør kunna overførast til heimlege tilhøve, forklarar han. Men det får vera neste prosjekt.

Opposisjonspolitikar
Shadrack Juma er folkevald for det største opposisjonspartiet i Kenya, Orange Democratic Movement, i delstatsforsamlinga i Nairobi.

Shadrack Juma tilhøyrer ein liten minoritet på Mombasakysten og er tilflyttar til Nairobi. I eit land der dei politiske vala oftast vert avgjort av stammetilhørighet, har han klart det kunststykket å verta folkevald utelukkande på bakgrunn av sine mange empowerment-prosjekt.

Ikkje tilfeldig, kan hende, at Juma har Barack Obama som sitt store førebilete?

Overraska over fredeleg valkamp
Spør du kva som har gjort mest inntrykk under opphaldet på Sotra, svarar Juma utan å nøla; valkampen. Den var så fredeleg! Heime i Kenya fører valkampen gjerne til valdelege opptøyer mellom tilhengjarane til dei ulike partia.

Den norske valkvelden 2015 tilbragte Juma på Rådhuset i Fjell. Å oppleva at Tom Georg Indrevik kom med blomar til valvinnaren Marianne Bjorøy då resultatet var klart, var eit øyeblikk han kjem til å minnast heile livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s