Flyktningekatastrofen på Sandviksflaket

Å flykta frå naud og krig har alltid vore eit risikoprosjekt. 22. september 1817 dreiv den mastelause seglskuta De Zee Ploeg i land på Herdla etter ein månad i storm i Nordsjøen. Av dei 560 tyske emigrantane som var om bord då skuta forlot Amsterdam, omkom eit 50 tals personar.

Christian Rieber (th) er etterkomar etter dei overlevande frå De Zee Ploeg. Men van Nguyen kom til Norge som sju-åring som båtflyktning frå Vietnam.
Christian Rieber (th) er etterkomar etter dei overlevande frå De Zee Ploeg. Men van Nguyen kom til Norge som sju-åring som båtflyktning frå Vietnam.

Eit 20-tals etterkomarar av dei overlevande frå De Zee Ploeg møttes i dag på Herdla Museum til si årlege minnestund.

Emigrantane flykta frå eit Tyskland der hungersnauden herja, med kurs for USA og draumen om eit betre liv. For mange fekk draumen ein brå slutt.

Umenneskjelege tilhøve
Det var ikkje berre uveret. Om bord på De Zee Ploeg herska umenneskjelege tilhøve under ein alkoholisert tyrann av ein kaptein, ifølgje sogeskrivaren Edvard Rieber-Mohn, som sjølv er ein etterkomar av dei overlevande.

Nytt mareritt venta
Eit 10-tals passasjerar, mange av dei småungar, døydde som følgje av svolt og generelt dårlege tilhøve under den stormfylte reisa.

Men marerittet hadde så vidt begynt for dei meir enn 500 passasjerane som overlevde seglasen, og som no var innesperra under dekk på De Zee Ploeg. Styresmaktene i Bergen, som på den tida hadde færre enn 20.000 innbyggjarar og var utarma etter Napoleonskrigane, var redde for dei økonomiske kostnadane det ville medføra å sleppa flyktningane i land.

– Skipet skulle liggja i karantene, kravde styresmaktene i Bergen. (Teksten held fram under biletet.)

Slik såg ulukkeskipet de Zee Ploeg ut, ifølgje modellbyggjar Knut Hanselmann. Modellen kan beundrast i Herdla kirke.
Slik såg ulukkeskipet de Zee Ploeg ut, ifølgje modellbyggjar Knut Hanselmann. Modellen kan beundrast i Herdla kirke. Foto: Askøy Kirkelige Fellesråd.

Medan styresmaktene i Bergen diskuterte og skuta låg for anker på Sandviksflaket, døydde 16 av passasjerane, og ytterlegare 24 vart så svekka at dei ikkje overlevde å verta frakta til sjukehus i byen, ifølgje Wikipedia.

Nokon vart verande
Kring 350 av dei overlevande emigrantane drog seinare til USA med andre skuter, men
mange gav opp og reiste heim att til Tyskland.

Ein av dei som vart verande i Bergen var 8-åringen Paul Gottlieb Rieber. Han og dei fem søstrene hans mista både far og mor under reisa. Seinare skulle han grunnleggja Rieber & Søn.

Inn i vår tid
Flyktningar frå fattigdom og vanskelege kår er eit tidlaust problem. For å bringa utfordringa nærare vår tid, hadde arrangørane hadde henta Men van Nguyen frå Vietnamforeningen i Bergen for å fortelja si historie. Nguyen og familien hans kom til Bergen som båtflyktningar i 1979.

-Stormaktene USA og Sovjet hadde ulike interesser for Vietnam, oppsummerer Nguyen krigen i åra 1955 – 1975.

Etter «freden» vart tilhøva vanskelege for folk i sør. Svært mange vart internerte i store omskuleringsleirar. Far til Nguyen var fiskar med eigen båt. Dei var mellom dei heldige som vart plukka opp av eit norsk skip etter berre tre døgn i sjøen.

Meir enn ein million vietnamesarar freista å flykta, ein stad mellom 200.000 og 400.000 omkom på reisa, ifølgje FN, fortalte Nguyen.

Dei hadde ein draum
om eit rikare liv
utan fattigdom, naud og slit.

Slik lyder refrenget i songen Berit Aasebø har skrive til minne om den sjeldant ulukkesutsette reisa med De Zee Ploeg i 1817.

Refrenget er like aktuelt i dag.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s