– Ei utfordring å finna finansiering

-Det vert ei utfordring å få på plass dei 8,9 milliardane som det nye Sotrasambandet er kostandsrekna til, sa prosjektleiar Lilli Mjelde i Statens vegvesen. Så langt er vegvesenet lite lystne på å presentera den politisk vedtekne kuttlista og kva den kan bety for tryggleik, beredskap og miljø.

Den siste dionosauren?
Den siste dionosauren?

Alle hindre er langt frå passert, sjølv om Fjell og Bergen klarar få vedteke reguleringsplanane for det nye Sotrasambandet våren 2016, medgav prosjektleiar Lilli Mjelde under dagens folkemøte om den vedtekne reguleringsplanen til det nye sambandet.

Tredje dyrast i Norge
Siste kostnadsoverslaga prisar det nye sambandet til 8,9 milliardar kroner, pluss minus ti prosent. Dette vert truleg det dyraste vegprosjektet i Norge, ifølgje ein oversikt utarbeida av NAF. Når det gjeld pris per kilometer, vil Sotrasambandet havna på tredjeplass, berre slått av to gigantkryss i Oslo.

Sambandet skal etter planen finansierast gjennom ein kombinasjon av statleg finansiering og bompengar. Statleg bidrag vil liggja ein stad mellom to og tre milliardar kroner, ifølgje Nasjonal Transportplan.

Statleg kvalitetsikring
Når reguleringsplanen for sambandet er vedteken, skal det utarbeidast eit forslag for finansiering, og kor mykje bompengar som skal krevjast inn.

Så kjem sjølve syretesten på om sambandet er liv laga: det stalege kvalitetssikringa av både kostnadar og finansiering, sa Mjelde.

-Eg håpar verkeleg det ikkje kjem til å gå enno 16 år før sambandet står ferdig, sa Mjelde, som medgav at sjølve reguleringsprossen har gått på skinner.

Erfaringar mellom anna frå Askøy, viser at strilane er flinke til å tilpassa seg til nye bompengesamband: Dei kjøper elbil, som er fritekne frå både bompengar, parkeringsavgift, og som attpå til er fritekne for meirverdiavgift ved førstegongskjøp.

Elbilane står no for halvparten av nybilsalet i Region vest.

Kuttliste
I tilfelle den statlege kvalitetsikringa ikkje fell ut Sotrasambandet sin favør, har Statens vegvesen utarbeida ei liste over mogelege kutt, kostnadsrekna til 500 millionar kroner.

-Kva vil denne lista bety for tryggleik, beredskap og miljø, spurte underteikna frå salen.

-Det er ikkje sikkeret kuttlista vert gjennomført. Statens  vegvesen har intensjon om å byggja sambandet i samsvar med den føreliggjande reguleringsplanen, svara Magnus Natås.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s