Tek stjernetrøya frå Sotra ut i verda

Stjernetrøya frå Sotra skal ut på catwalken. Går det som Hillesvåg Ullvarefabrikk og Rune Garmann håpar og trur, vert dette plagget alle strikkeglade berre ha denne hausten.

Stjernetrøya frå Sotra kan lagast som både genser og jakke. Her nokre av modellane som er i bruk i Rune Garmann sin familie. Foto: Rune Garmann.
Stjernetrøya frå Sotra kan lagast både som genser og jakke. Her nokre av modellane som er i bruk i Rune Garmann sin familie. Legg merkje til kor fint rosemønsteret passar over skulderpartiet. Foto: Rune Garmann.

Flinke strikkersker på Sotra gav den tradisjonsrike åttebladrosa med diagonalar ei heilt spesiell utforming. Strikkatrøyene med åttebladsroser var høgaste mote på Sotra frå 1850 og utover, ifølgje den utflytta fjellsokningen Rune Garmann.

Garmann sin oldefar Nils Storesund, handelsmann og tidlegare ordførar i Fjell, hadde eit retteleg stasplagg av ei stjernetrøye. Då trøya var utsliten, kopierte svigerdottera mønsterrapporten. Mønsteret har seinare blitt teke vare på og vidareutvikla i familien.

Eit underkjent stasplagg
– Stjernetrøya frå Sotra er underkjent, hevdar Garmann. I hans auge er stjernetrøya heilt ufortent komen i skuggen av Fanakofta og Setesdalskofta. Noko av det som gjer trøya spesiell, er at mønsteret stemmer i alle retningar, og at ermane vert strikka ut frå bolen.

Ullveka 2015
Ved Hillesvåg Ullvarefabrikk har dei valt ut Stjernetrøya frå Sotra til å fronta kolleksjonen denne hausten. Ullvarefabrikken i Lindås har nytta mønsteret til å skapa eit lekkert stasplagg som skal visast på catwalken første gong under Ullveka 2015.

– Trøya er jo så nydeleg. Vi har alt fått mange henvendingar frå folk som har sett trøya, og som ønskjer å strikka sjølv, seier butikksjef Berit Løkken ved Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Gensar med knappestolpe
Først ut på catwalken vert ein gensar med knappstolpe i ubleika kvitt og sauebrunt. Seinare kjem ei jakke i kvitt og blått, fortel Løkken.

Hillesvåg Ullvarefabrikk skal selja stjernetrøya frå Sotra som ferdige garnpakkar med mønster. Kjøparane kan sjølv bestemma kva fargar dei ønskjer. Mønsteret er tilpassa to ulike ullgarnkvalitetar; Ask på pinnar 3 – 3,5 og det noko tynnare Huldra kamgarn på pinnar 2 – 2,5.

-Jau, det vert litt jobb å strikka, men mønsteret gjer at det går veldig greit, forsikrar Løkken.

5 Comments

  1. Hei!! Nydelige Rosetrøye fra Sotra!! Jeg lurer på hvor jeg får kjøpe mønster til den nydelige jakken i blått og hvitt?
    Med hilsen Oddny Sangolt

    Likar

  2. I Norsk Husflidblad nr 1 1984 står det om Rosetrøya frå Sotra. Det er eit bilete av ei gamal trøye frå ca 1850 (rosemønster på øvre del av trøya). So er det teikna av mønster til ei Rosetrøye og Husfliden i Bergen solgte i 1984 mønster til Rosetrøya frå Fjell.
    Eg har det bladet, men bur no på Nesodden utanfor Oslo.
    Med helsing
    Martha Nordland

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s