Ein kystby til å trivast i?

Forskarane veit meir om gorilla-habitat enn dei veit om kva som får menneskjer til å trivast i store byar. Er det mogeleg å byggja ein kystby som innbyggjarane kan kjenna eigarskap til?

Landskapet er like spektakulært som på Sotra. På Newfoundland framhevar arkitekturen landskapet. På Sotra planlegg byutviklarane å sprengja det vekk.
Landskapet er like spektakulært som på Sotra. På Newfoundland får arkitekturen framheva landskapet. På Sotra planlegg byutviklarane å sprengja det vekk.

Påstanden stammar frå den danske arkitekten Jan Gehl og vart sagt i innleiinga til filmen ”The Human Scale” som vart vist under Kystbyseminaret tirsdag denne veka. Spørsmålet er mitt.

Byane skapar oss
Menneskjer er sosiale av natur. Vi trivest i grupper – i storfamilien. Små hushald – einperson hushald – er eit moderne fenomen som mennesket brått er blitt nøydde til å tilpassa oss avdi stadig større del av folkemengda i verda bur i byar.

– Først skaper vi byane, og så skaper byane oss, hevdar Gehl.

Bumaskiner
Den modernistiske arkitekten Le Corbusier vart verdskjend på 1920 og 30-talet for sine bumaskiner. Konsentrerte klyngjer med høghus, meint å løysa dåtidas omfattande sosiale bustadproblem; trangbudde leililighetar med mangelfulle sanitære tilhøve.

Le Corbusier sine bumaskinene vart realiserte i svært liten grad. Han vert i staden huska for er sine stramme futuristiske einebustadar og eindel mindre blokkbebyggelsar, mellom anna i Berlin etter krigen.

Segmentering
Bumaskinene har likevel blitt modell for den moderne byen, med segmentering og aukande fysiske avstandar mellom jobb, bustad og handel. Avstandar som stiller stadig større krav til biltransport.

Skapa møtestadar
Moderne byplanleggjing er tilpassa bilane. Innbyggjarane lever i perfekt isolasjon, ifølgje Gehl.

Den danske arkitekten har via karrieren sin til å utvikla samfunn som kan stimulera den sosiale kontakten byinnbyggjarane i mellom – han vil skapa møtestadar.

Motsats
Bergensarkitekten Todd Saunders sitt prosjekt heime på øya Fogo på Newfoundland har det stikk motsette utgangspunktet: Korleis hindra at innbyggjarane vert nøydde til å forlata det vesle, heimlege øysamfunnet og flytta inn til storbyane?

Kystlandskapet er nesten det same som på Sotra, ser vi i filmen ”Strange and Familiar”. Innbyggjarane lever einkle liv. Dei bur kan hende isolert, men alle kjenner alle, og alle lar seg mobilisera når arkitekten får i oppdrag å laga eit spektakulært hotell som skal trekkja turistar til øya og skapa nye arbeidsplassar.

Alle vart mobilserte
Lokale snikkarar, damene i quiltegruppa og fiskarar – alle vart mobiliserte. Saman går dei på oppdagingsferd i dei små tinga, den heimlege kulturen dei er omgjevne av på alle kantar. Undervegs lærer dei mykje om lokal byggeskikk, fargebruk, møblering og mat.

– Folk på Fogo veit dei må klara seg sjølv. Dei skapar sin eigen skjebne. Inst inne handlar stadsidentiteten seg om folk sine hjarte – og draumar, seier Saunders.

– Menneska treng ikkje arktitektur- vi treng natur. Du veit berre kven du er i relasjon til dei andre. Lokale handtverkarar med lokale materialar. Når folk får leva ut kunnskapen sine, finn dei ut kven dei er, hevdar Saunders.

Ide til ettertanke?
Kjekt med filmar som kan trekkja perspektiva utanfor det som skjer her og no. 1000-kroner spørsmålet vert likevel: Gav filmane noko å tenkja på for dei som tenkjer stort og som planlegg å skapa ein by på Sotra?

Vi veit ikkje kven som kjem hit – eller kor mange som kjem. Derimot veit vi kven som bur her i dag. Kanskje byplanleggjarane bør starta med å snakka med oss?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s