Strilalam inntek interiørmarknaden

Etter å ha sikra plass for sitt velsmakande lammekjøt på middagsborda i heile Bergens-regionen, ser Strilalam lyst på utsiktene til å erobra heidersplassen også i stovene.

under skinnfellen2
Dagleg leiar Terje Strandtun i Strilalam med eit utval eksklusive sauefellar med trykk.

Store, lodne skinnfellar er eit produkt Strilalam har testa interessa for hos interiørmedvitne kundar i regionen siste åra, fortel dagleg leiar Terje Strandtun til Tunnelsyn.no.

Populære gåver
– Sauefellane har vist seg å vera populære gåver til festlege høve som barnedåpar og bryllaup. Vi ser det er ein marknad, smiler Strandtun.

I desse dagar sender Strilalam ei ny last med ferske skinn til garveriet i Ølen. I god tid før julehandelen skal skinna vera tilbake, mjuke og nygreidde og klare til å varma vinterfrosne strilar.

Unike produkt
Den positive responsen gjer at Strilalam no kan tilby ein serie interiørprodukt basert på lammeskinn.

– Sauefellane er unike handtverksprodukt. Dei er ekte, og vert berre finare og finare med bruk, reklamerer Strandtun.

detalj saum
Fine detaljar: Dei store sauefellane er sydde saman med handsaum med skulte kantar.

Eksklusivt handverk
Mest eksklusive er dei store kvadratiske sauefellane som er sydd saman av fire mjuke, lodne saueskinn. På skinnsida har fellen trykt mønster i fargar som harmonerer med fargen på ulla.

Fellane er inspirerte av historiske funn, laga av lokale skinnfellmakarar. På dei moderne produkta er det Kristin Hovland som har stått for det møysommelege handtverksarbeidet, fortel Strandtun.

Medvitne kundar
– Kundane vil gjerne ha noko som kan passa inn i stova eller på hytta, og er medvitne på kva fargar dei vil ha. Dei grå og brune går fortast unna. Vi ser det er aukande etterspørsel også etter eksklusive produkt i prisklassen 8.000 – 10.000 kroner, seier Strandtun.

Produktutvikling
– Å nytta heile dyret står sentralt i Strilalam sin filosofi, og er i samsvar med lokale tradisjonar, fortel Strandtun.

Satsinga på skinn er eindel av tilpassinga til endra marknadsvilkår.

Ulla stod tidlegare for femtedelen av inntektene til den vestlandske sauebonden. Aukande internasjonal konkurranse på ullmarknaden, særleg frå merinoull frå Australia og New Zealand, har ført til sterkt reduserte inntekter for lokale leverandørar seinare åra. Villsauulla får bonden ikkje betalt for i det heile.

Skinnet meir verd
– Løysinga vart å slakta lamma med ulla på. Bonden får meir for skinnet enn for ulla, forklarar Strandtun.

Alle dei 1.200 lamma som Strilalam slakta i fjor, hadde ulla på. 350 garva skinn kom i retur frå garveriet, og dei har bokstavleg talt fått bein å gå på, smiler Strandtun som i desse dagar kalkulerer kor mange fleire han trur det vil vera marknad for dette året.

Bondens marknad
Bondens marknad har til no vore einaste utsalsstaden for skinnprodukta.

Gjennom samarbeidet med Gjerdet kulturminnegard ser Strandtun for seg at det også kan vera aktuelt å utvikla ein marknad for kurs i trykking på skinn.

Trykking på skinnfell vil vera ein post på programmet under Ullveka 2015.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.