– Får ikkje stå til skamme

Opplysningsvesenets fond ser på Fjell prestegard som eit viktig kulturminne som bør ivaretakast, seier Gunnar Birkeland, prestegardsinspektør for Bjørgvin.

Borgstovo på Fjell prestegard sett frå vest.
Borgstovo på Fjell prestegard sett frå vest.

– -Det er viktig at slike bygg ikkje står til skamme, seier prestegardsinspektøren når Tunnelsyn ringjer om det manglande vedlikehaldet til Borgstovo på Fjell prestegard.

Birkeland er nett tilsett i stillinga, og har ikkje sett Fjell prestegard med eigne auge. No som han har blitt merksam på vedlikehaldssituasjonen til Borgstovo, lovar han likevel å sjå kva han kan få gjort.

Høg kulturminneverdi
– Vi ønskjer å få huset opp å stå, og at det ikkje skal stå til nedfalls, seier Birkeland. Han kan likevel ikkje seia noko tidspunkt for når arbeidet kan ta til, om det vert i haust, eller til våren…

– Både Fjell og Sund prestegardar står på lista over prestegardar med høg kulturminneverdi, og som bør ivaretakast. Vi ønskjer at desse prestegardane skal vera bebudde også i framtida, seier Gunnar Birkeland, prestegardsinspektør for Bjørgvin i Opplysningsvesenets fond til Tunnelsyn.no

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s