Askøylista får varaordføraren

Det går mot eit grønare Askøy. På Tunnelsyn kan du lesa heile historien om «folkeopprøraren » Bård Espelid sin veg til makta.

Med tre representantar i kommunestyret i Askøy har Bård Espelid og Askøylista fått styrke til å påverka den politiske kursen i heimkommunen.
Bård Espelid vert varaordførar no som det er klart at Askøylista får fleirtal i kommunestyret saman med Arbeidarpartiet, SV, Raudt og Miljøpartiet dei Grøne.

Forhandlingane tok tid, men dei fem partia har no blitt samde om ein felles politisk plattform, skriv den komande varaordføraren Bård Espelid på Facebook-sida til Askøylista.

Dei fem partia vil stå saman om visjonen «Askøy – den grøne, aktive og inkluderande øya». Ein visjon som vil innebera ei politisk kursendring, skriv leiaren for bygdelista som har klart å få inn tre representantar i kommunestyret.

Den politiske plattformen inneber at Askøylista og «folkeopprøraren» Bård Espelid har fått poltisk flerital for kampsaka om at gigantplanane for Kleppestø skal reverserast og demokratiserast.

– Askøylista er svært fornøyd med den politiske plattformen vi no har blitt enige om. Vi har fått gjennomslag for mange av kjernesakene våre. Vi har mellom anna blitt enige om at heile øya skal takast i bruk og kommunen si rolle som velferdsleverandør skal styrkast, skulen skal styrkast. Det skal utarbeidast eit langsiktig perspektiv ved rullering av arealplanen, og det skal utarbeides ein overordnet og langsiktig samferdselsplan, skriv den nye varaordføraren i Askøy.

 

Les også:
Askøylisten forlot sonderingsforhandlingane
– Folkeleg engasjement nyttar!Bygdelistene valvinnarar i Øygarden og Askøy
Folkeopprøraren
Gåve til politikarane
Alternativ plan for Kleppestø

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s