Fjellsokningane betalar mest skatt

Fjellsokningane hadde ved utgangen av august betalt 16.412 kroner i skatt per hovud. Det er 2.003 kroner meir enn kva kvar øygards-stril bidrog med til fellesskapet.

Norske kronerDen dystre utviklinga på arbeidsmarknaden har så langt ikkje ført til svikt i skatteinntektene i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, viser fylkesmannen i Hordaland sin oversikt over skatteinngangen i kommunane per 31. august.

Ingen dramatikk
Det ligg ingen dramatikk i tala. Alle dei fire kommunane i regionen har hatt ein skatteinngang på 60 prosent eller meir av det kommunestyra hadde budsjettert med. Samanliknar vi med rekneskapen for fjoråret, har alle kommunane hatt ein vekst i inntektene dette året.

Askøy best ut
Best var situasjonen i Askøy. 14.692 kroner i snitt frå kvar asketapp utgjorde til saman 409,3 millionar kroner. Noko som tilseier at kommunen har hatt ein skatteinngang på 64,2 prosent, og ei meirinnbetaling samanlikna med fjoråret på 3,6 prosent.

Bidreg mest
Fjellsokningane bidrog med 16.412 kroner kvar til kommunekassen, totalt 400,9 millionar kroner. Her var skatteinngangen på 63,3 prosent, opp 3,7 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Kemnaren i Sund hadde motteke 98,6 millionar kroner då siste sommarmånaden tok slutt. 14.603 kroner per innbyggjar innebar at kommunekasseraren hadde sikra 62,2 prosent av årets forventa inntekter på 158.470 millionar kroner.

Mindre å rutta med
Øygarden var einaste kommunen som har fått mindre å rutta med i år samanlikna med fjoråret. 68.200 millionar i innbetalte skattar er ein nedgang på 1,4 millionar kroner. Kvar øygards-stril bidrog med 14.409 kroner, nok til å sikra ein skatteinngang på 60,2 prosent av budsjett.

På inntektstoppen
Best skatteinngang av kommunane i Hordaland hadde Modalen. I kraftkommunen var heile 93,4 prosent av det budsjetterte inntektene sikra ved utgangen av august. Medrekna kraftinntektene, får mikrokommunen inn 55.820 kroner per innbyggjar.

Austevoll og Eidfjord kom og veldig bra ut. Her bidrog kvar innbyggjar med henhaldsvis 24.421 og 42.421 kroner til det offentlege.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.