Gjestekommentar: Småbåtanlegg i Straumsundet

Det er sendt ut nabovarsel om småbtåanlegg i Straumsundet. Dette anlegget vil stikka minimum ti meter ut frå den fyllinga som mange trudde skulle vera grensa for Straume Sjøfront ut i sundet.

Av Olav Kobbeltveit

olav kobbeltveit. Foto; BAMed flytebryggjer og båtar som skal liggja på aust – vest, vil altså farleia – det som er att av henne – verta redusert med ytterlegare ti meter.

Jamvel om ikkje alle i kommunestyret har fått det med seg, så er dette ein del av den godkjende reguleringsplanen.

Likevel må det vera råd å spørja:
1. Dersom det no viser seg at farleia blir så redusert at båttrafikken ikkje kan ta seg trygt fram der, er situasjonen då så alvorleg at den delen av reguleringsplanen bør endrast på?

Dersom Straumsundet vert gjort ubrukeleg, må småbåttrafikken som vil nord eller sør ta seg rundet Litle Sotra på innsida – med passering Gavlen, der straumforhalda er særs vanskelege.

2. Var kommunale styresmakter – kommunestyret inkludert – klar over slike konsekvensar då dei godkjende planen?

Dette var to spørsmål, som det er naturleg at ordføraren svarar på. Om det blir den utgåande eller den påtroppande vert for meg eitt feitt. Dei var begge med på vedtaket.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s