Oljenæringa mindre viktig som vekstmotor

Sotrasamfunnet si viktigaste inntektskjelde – oljenæringa – vil ikkje lenger vera ein vekstmotor i den norske økonomien, ifølgje finansminister Siv Jensen. I dag legg ho fram eit statsbudsjett prega av omstillingar og tiltakspakkar.

siv jensen– Oljenæringa vil framleis vera svært viktig for norsk økonomi, men den vil ikkje lenger vera ein vekstmotor, skriv finansministeren i ei pressemelding i samband med framlegginga.

Redusert etterspørsel
– Etterspørselen frå oljenæringa vil falla, noko som er ei varig, strukturell endring, spår Jensen.

Lokal koordinator
Hordaland fylkeskommune vil få ansvaret for å koordinera omstillingsarbeidet for leverandørindustrien i Agder-fylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Eit arbeid som vert tilgodesett med 20 millionar kroner.

Vedlikehald og veg
For å møta endringane, legg Regjeringa opp til å omprioritera midlar til vedlikehald og utbetringar av offentlege bygg og riksvegnettet. Totalt løyver Regjeringa fire milliardar kroner til sysselsetjingstiltak, inkludert vedlikehald og vegutbetringar.

DEMO2020
Forsking og innovasjon er to satsingsområde for Regjeringa. Demoprogrammet for utprøving og kvalifisering ny og effektiviserande teknologi innan olje og gass får 100 millionar kroner, ei dobling samanlikna med fjoråret. Det tilsvarande programmet for fornybar energi får 50 millionar kroner.

Regionalt forskingsfond Vestlandet får ei ekstraløyving på 13 millionar kroner for å bidra til omstilling i næringslivet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s