Vil innføra rushtidsavgift i Bergen

Regjeringa ønskjer at veksten i persontransporten i Bergensområdet skal skje med kollektiv, sykkel og gange. Som ein konsekvens kan det verta vesentleg dyrare for strilane å køyra bil til Bergen sentrum i rushtida neste år.

I statsbudsjettet føreslår Regjeringa å setja av 1,105 milliardar kroner til storbyområder som prioriterer kollektivtransport.

Samstundes har Samferdselsdepartementet lytta til lokale vedtak i Bergen som går inn for å innføra rushtidsavgift.

Det vert føreslege å auka bompengane frå dagens flate takst på 25 kroner for lette køyretøy til 45 kroner i rushtida mandag til fredag og 19 kroner på kveldstid og i helgane.

For tunge køyretøy vert det føreslege å auka taksten frå 50 kroner til 90 kroner i rushtida. På kveldstid og i helgane skal taksten senkast til 38 kroner.

Endringane i bompengesatsane føreset at Stortinget gjev si tilslutning.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s