Ole Asbjørn Fauske finalekandidat til Veteranprisen

Oberst Ole Asbjørn Fauske (54) frå Ulveseth er nominert som ein av dei seks finalekandidatane til Forsvaret sin veteranpris for 2015.

Ole-Asbjørn Fauske har oberts grad, og kjem frå stillinga som NATO sin nestkommanderande i Sarajevo. Foto: NATO
Ole-Asbjørn Fauske har oberst grad og tenestegjer som øverste leiar for FAKT, Forsvaret sin avdeling for kultur og tradisjon. Han har tidlegare vore NATO sin nestkommanderande i Sarajevo. Foto: NATO

Ole Asbjørn Fauske er nominert til prisen mellom anna på bakgrunn av innsatsen som leiar for den norske kontingenten i Afghanistan. Han har og vore på oppdrag i Bosnia. Vel heimkomen har han stått fram som ein uredd talsmann for veteranane si sak.

Fremja veteransaka
Forsvaret sin veteranpris vert delt ut til personar eller organisasjonar som har nedlagt eit særleg betydningsfullt arbeid for å fremja veteransaka, særleg ved å skapa stolthet blant, eller for, veteranane og deira familiar. Det vert også lagt vekt på om kandidaten har gjort seg bemerka gjennom ueigennyttig innsats for veteranane eller veteranane sine familiar.

Mange gode kandidatar
Ole Asbjørn Fauske er nominert som ein av seks finalekandidatar til prisen som vert delt ut av forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen 15. oktober. Det kom inn over 100 forslag, fordelt på 25 kandidatar.

Kommandant på Akershus
Ole Asbjørn Fauske tenestegjer i dag som leiar for Forsvaret sin avdeling for kultur og tradisjon (FAKT). Ein stilling som mellom anna inneber at han er kommandant på Akershus festning.

Les meir:
Sotrastril kommandant på Akershus festning
Fauske om personlege relasjonar og leiing
Fauske i alle kanalar
Vår mann i Sarajevo

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s