Spanande haust for Museum Vest

Det vert ein spanande haust for Museum Vest. Støttar Stortinget opp under forslaget til statsbudsjett, får dei sju musea ei ekstraløyving på 3,6 millionar kroner til fordeling neste år.

Nybygg til Herdla museum vil vera sikra fiansiering, uavhengig av Statsbudsjettet, seier direktør Stig Stark-Johansen i Museum Vest.
Nybygg til Herdla museum vil vera sikra fiansiering, uavhengig av Statsbudsjettet, seier direktør Stig Stark-Johansen i Museum Vest.

Museum Vest omfattar mellom anna Fjell Festning, Nordsjøfartsmuseet i Televåg, Kystmuseet i Øygarden og Herdla Museum. Vert forslaget til statsbudsjett vedteke, får dei sju musea til saman 12,95 millionar kroner å rutta med i 2016.

Kvar brenn det mest?
– No vert vi nøydd til å vurdera kvar det brenn mest, seier direktør Stig Stark-Johansen i Museum Vest i ein kommentar til Tunnelsyn.

– Det er vanskeleg å lesa kva Regjeringa vil med denne ekstraløyvinga, men noko av pengane kan koma til å havna på Sotra, legg Stark-Johansen til.

Herdla Museum
Høgt oppe på Stark-Johansen sin dagsorden for det nye året står nybygget til Herdla Museum.

– Nye Herdla Museum ser uansett ut til å vera sikra gjennom eit låneopptak i Askøy kommune. Kommunen vil stå som eigar, medan leigeinntektene frå museet vil dekka kommunen sine utgifter.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s