Kler nordmenn i bambus

Kroppsnære klær laga av bambus er forretningsideen til Badaboom på Florvåg. No har Askøy-damene fått gullmedalje – for emballasjen.

Britt Hillestad (tv) og Hege Sørensen opplever aukande interesse for bambuskolleksjonen frå Badaboom.
Britt Hillestad (tv) og Hege Sørensen opplever aukande interesse for bambuskolleksjonen frå Badaboom.

– Det måtte verta bambus! Bambusviskose er eit heilt fantastisk materiale, reklamerer dei to gründarane Hege Sørensen og Britt Hillestad i Badaboom på Florvåg. Då dei starta i 2011 kjende dei berre til ein konkurrent i Norge, seinare har stadig fleire oppdaga det miljøvenlege materialet.

Skånsam
Bambusviskosen er mjuk som silke, og har same varmeregulerande eigenskapane som ull. Bambusfibrane er runde, og manglar ullhåra si skjell-liknande oppbygging. Bambusviskose er difor meir skånsam mot sart og tørr vinterhud enn ull.

-Sjølv ungar med atopisk eksem toler å ha på undertøy laga av bambusviskose, hevdar dei to.

Fordelaktige eigenskapar
På Askøy designar dei to damene klær som dei meinar utnyttar materialet sine fordelaktige eigenskapar fullt ut: Kroppsnære klær som undertøy og sengetøy.

Kolleksjonen omfattar plagg til heile familien. Superundertøy til barn er likevel det marknaden etterspør mest.

Badaboomar
– Kundane kallar ungar ikledde superundertøyet vårt for Badaboomar, seier Britt. Gründaren smiler ved tanken på at det registrerte varemerket alt no risikerer å lida ein tilsvarande skjebne som Maarud sitt potetgull.

Nettsal

badaboom
Bambussåpe er ein del av produktutvalet. Logoen viser stiliserte bambusplantar, og er utvikla av Kind.

Alt sal skjer via nettbutikken og gjennom homeparties. Sosiale media er viktigaste marknadskanalen. Både Facebook og Instagram vert nytta aktivt. Dei har og hatt produktsamarbeid med den kjende bloggaren Linda Johansen.

Som ein konsekvens var Badaboom lenge betre kjend utanfor Askøy enn i heimkommunen. Det har likevel endra seg siste året, fortel Hillestad som og er med i styret i Askøy Handelsforening.

Prisvinnar
– Å pakka slike mjuke plagg inn i hard plast vart heilt feil, fortel Hillestad.

Løysinga vart å pakka plagga i posar av – kva anna enn bambusviskose? Ein emballasje som er like mjuk som plagga inni, er utstyrt med Badaboom-logo og som gjentekne gongar har vist seg å ha høg gjenbruksverdi, fortel Hillestad.

Emballasjen har Badaboom-damene utvikla i samarbeid med designbyrået Kind i Bergen. Designorganisasjonen Grafill likte resultatet så godt at dei like godt valde å senda gullmedaljen til Askøy og Bergen.

Kina
Produksjonen av sengetøy og undertøy i kvitt, svart og pastellfargar skjer i Shanghai i Kina. Ein kinesisk samarbeidspartnar koordinerer alle ledda i produksjonen – å styra med alle detaljane frå Askøy ville vore for krevjande.

Gründerkvinnene har brukt mykje tid til å finna fram til produsentar som tilfredstiller deira krav, særleg til arbeidsmiljø og til bruken av kjemikalier i produksjonen.

Oppsparte midlar
Hillestad og Sørensen starta verksemda som eit ansvarleg selskap. Dei satsa med oppsparte midlar, og er medvitne om at både hytteplanar, finare bil og dyre feriar må koma i andre rekkje, skal dei lukkast.

Første heile salsåret hadde dei ein omsetnad på ein million kroner. I fjor dobla dei, og i år håpar dei å passera tre millionar. Resultatmessig har dei tent såpass at dei har kunna teke ut ei årsløn – på deling, fortel økonomen Hege Sørensen.

Hovudverk
Men vekst kostar, særleg når du er din eigen investor.

– Likviditeten er ein evig hovudverk, medgjev Sørensen.

Badaboom må betala forskot når dei tingar plagga i Kina, og restbeløpet når produksjonen er fullført. Betalinga frå kundane får dei derimot først eit halvår seinare. Og i mellomtida skal Staten ha innbetalt inngåande meirverdiavgift, sukkar Sørensen.

Ting tek tid
– Lytt til magekjensla og kjør på. Ver tolmodig – sjå framover – husk at ting tek tid, lyder rådet frå Hillestad og Sørensen til andre som går med ein gründar i magen.

– Ver klar over at du vil få mange råd undervegs frå folk som meinar dei veit kva dei snakkar om, men få ikkje panikk. Du er nøydd til å ta val, og ikkje alle råda er like gode, seier dei to damene i Badaboom.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s