Sartor på 14. plass

Med ein omsetnad på 1,248 milliardar kroner dei ni første månadane i år, kvalifiserer Sartor Storsenter til 14.plass på oversikten over dei største kjøpesentra i landet.

Det er Finansavisen som har henta inn salstala for dei 60 største kjøpesentra i Norge.

Samanlikna med same perioden i fjor hadde Sartor ein vekst i salstala på 7,4 prosent.

Nr. 2 i Bergen
I Bergensområdet er det berre Lagunen som kan visa til større omsetnad enn Sartor. Salsinntekter på 2,16 milliardar kvalifiserer til ein 2.plass i landssamanhang.

Vestkanten ligg på 17. plass, og Åsane Storsenter på 20. plass på oversikten. Det siste senteret opplevde ein reduksjon i inntektene på heile 15,4 prosent.

Upåverka
Nordmenn flest sine handlevanar verkar upåverka av nedgangen i oljeinntektene. Veksten i varehandelen i dei 6o største kjøpesentra i landet var på 6,2 prosent.

Samla omsatte dei 60 største kjøpesentra i landet for 57,158 milliardar kroner i perioden januar – september i år.

Konkurranse
Fondsforvaltaren Odin selde seg i juni ned i kjøpesentereigarane Citycorp og Olav Thon i frykt for auka konkurranse frå netthandel. I september var Olav Thon ein av dei svakaste bidragsytarane til Odin Eiendom.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s