Slik gjorde næringslivet det i 2014

Tre verksemder i region vest omsette for meir enn ein milliard kroner i fjor.

Rekneskapane for fjoråret bar preg av at dei lokale hjørnesteinsverksemdene framleis surfa på dei gode tidene. Av dei nærare 3.000 aksjeselskapa i Fjell, Sund. Øygarden og Askøy, var det heile 39 som selde varer og tenester for over 100 millionar kroner, ifølgje ein analyse Tunnelsyn har gjort av rekneskapane som er innsendt til Brønnøysund.

Dei tre store
Tre verksemder hadde meir enn ein milliard kroner i driftsinntekter. Det var Framo AS på Askøy, Sekkingstad AS i Sund og Coast Center Base AS i Fjell.

Øverst på lista finn vi Framo AS på Florvåg, som hadde driftsinntekter på heile 3,792 milliardar kroner. På andreplass ligg fiskeindustriverksemda Sekkingstad AS i Sund, med 1,727 milliardar. Så vidt over milliarden kom også CCB på Ågotnes, med 1,056 milliardar kroner.

Overskot på 0,5 milliardar
Ser vi på resultatet før skatt, var det CCB som kom best ut. 185 millionar i overskot tilseier ein resultatandel på 18 prosent. Med eit resultat før skatt på 536 millonar kroner og 14 prosent hadde Mohn-familien som eig Framo heller ingenting å klaga over.

Sekkingstadfamilien klarte å snu minus til pluss samanlikna med 2013. Trass store finanskostandar sat dei ved årets slutt att med eit overskot på 23,7 millionar kroner.

Resultatandel
Av dei 39 verksemdene som omsette for meir enn 100 millionar kroner, klarte dei aller fleste også å tena pengar på drifta. Resultatandelen før skatt utgjorde i snitt åtte prosent av driftsinntektene.

Pengemaskin
Begge dei to verksemdene som gjorde de aller best har adresse på Askøy.

PHE Holding som Mohn-familien selde til svenske Alfa Laval i fjor, er ei pengemaskin i særklasse. Takka vere store finansinntekter enda resultatet før skatt på 159,97 millionar kroner, heile 27,7 millionar kroner meir enn driftsinntektene.

Variasjon
Men det er ikkje berre oljerelaterte verksemder som tente pengar. Dei lønsame verksemdene finn vi spreidd på fleire bransjar.

Sanitetsforeningen som eig NKS Olaviken Alderspsykiatriske sykehus på Ask, gjorde det også svært godt. Eit resultat før skatt på 26,4 millionar kroner tilseier ein resultatandel på 26 prosent.

På dei neste plassane når det gjeld lønsemd, finn vi Sotra Anchor & Chain AS på Vindenes og programvareselskapet ACOS AS på Straume, med resultatandelar før skatt på henhaldsvis 16 og 14 prosent.

15 milliardar
Til saman omsette dei 39 verksemdene for 15 milliardar kroner. Det samla resultatet før skatt utgjorde 1,24 milliardar kroner.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s