Dette er ingen omkamp

Det har aldri vore vurdert korleis småbåtanlegget – og fyllinga – i Straumsundet påverkar tryggleiken for  småbåtar som ferdast i leia.

Slik ser Veidekke for seg at småbåthavna (markert med raudt) vil sjå ut.
Slik ser Veidekke for seg at småbåthavna (markert med raudt) vil sjå ut.

Brukarane av Straumsundet, i samarbeid med med Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag, har dei siste vekene samla inn over 400 underskrifter mot Veidekke sitt forslag om å etablera ei småbåthavn i Straumsundet, utanfor fyllinga.

Den utforming båthavna Veidekke foreslår at båthavna skal få, har aldri tidlegare vore presentert.

Skapa farlege situasjonar
Søknaden inneber at båtar på inntil 28 fot vil verta fortøyde i aust – vest retning. Anlegget vil stikka inntil 20 metar utanfor dagens fylling. Båtar som skal inn og ut av småbåthavna vil trenga heile den attverande breidda av sundet for å koma inn og ut av anlegget. Tidsvis strek straum inneber at dette vil skapa farlege situasjonar for båtar som samstundes skal nord – sør gjennom Straumsundet.

Einaste farlei
Straumsundet er einaste farlei for mindre båtar mellom Store Sotra og Litle Sotra. Bruken av farleia har lange historiske tradisjonar. Farleia vert også svært mykje nytta – i alle fall var det slik inntil fyllinga til Straume Sjøfront var eit faktum.

To lovverk
Ein reguleringsplan skal tilfredstilla krava i Plan og bygningslova (PBL). Faste og flytande installasjonar i sjø skal derimot vurderast ut frå krava i Hamne og farvasslova (HFL) som vurderer korleis installasjonane påverka ferdsla i sjø.

Tok atterhald
Då kommunestyret i Fjell eigengodkjende fyllinga våren 2013, tok kommunen atterhald om at eventuelle flytebryggjer måtte forankrast slik at dei ikkje er til hinder eller skade for annan sjøvegs trafikk.

Dersom det seinare viser seg at installasjonane er til hinder, må dei fjernast, utan kostnadar for kommunen, slår Fjell kommune fast i brevet til plankonsulenten Asplan Viak.

Har aldri vore gjort
Ein gjennomgang av sakspapira tilbake til 2006 viser at – trass omfattande saksutgreiing – har konsekvensane av Veidekke sine planlagte installasjonar for båttrafikken i Straumsundet aldri vore vurdert.

Ingen automatikk
Krav om godkjenning etter to atskilte lovverk tilseier at det ikkje er nokon automatikk i at tiltak i samsvar med ein godkjend reguleringsplan også skal godkjennast i samsvar med HFL.

Det er på høg tid å gjennomføra ei sjølvstendig vurdering av korleis den føreslegne båthavna – og fyllinga – påverkar tryggleiken for dei båtfarande i Straumsundet, oppfordrar Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s