Kontroversiell lov fyller 50

Dei bygde byar før og, men i år er det 50 år sidan Plan og bygningslova vart innført. Plan og bygningslova er ei lov det vert stadig vanskelegare for folk flest å vera likegyldig til.

Plan og bygningslovaUrbanisering og fortetting stiller krav til god planlegging. Plan og bygningslova er ein av dei viktigaste juridiske byggesteinane for moderne norsk samfunnsutvikling.

Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen markerer jubileet med eigen konferanse.

God planlegging?
For, kva er no ”god” planlegging, eigentleg?

Plan og bygningslova har gjennomgått hyppige revisjonar siste åra, noko som viser at lovmakarane er klar over at dei står ovanfor uløyste utfordringar. Faren er at politiske prioriteringar kan fremma pengesterke særinteresser sine interesser på bekostning av folk flest.

I jubileumsåret vert 50-åringen angripen frå alle kantar. Lovverket, inkludert forskrifter og handbøker, har etterkvart blitt så komplekst og detaljert at folk flest har mista oversikten. I staden har vi fått ei lov som genererer arbeid for stadig fleire planleggjarar og juristar.

Angripen frå alle kantar
Medan nokon ser lova som ein verktøykasse til å få ting gjort, oppfattar andre ho som ein grensesetjar for eiga utfalding. Utbyggjarane klagar over seindrektig sakshandsaming, og alt dei ikkje får lov til. Innbyggjarar som opplever at dei får andre sine planar trykt ned over øyrene, ropar på sterkare medverknad i planprossane og etterlyser betre juridisk vern mot det dei opplever som offentleg valdtekt.

Som publikum forventar eg at alle interesser vert avvegd og vurdert opp mot kvarandre, men vert dei det? Og kven sine interesser er det i så fall som veg tyngst? Straume opplever vi at utbyggjarane trekk lengste strået i dei aller fleste konfliktar.

”Vilkårleg” er eit ord som vert nytta av kritikarane i alle leiar. Plan og bygningslova er ei lov det er vanskeleg å vera likegyldig til.

På lokaldemokratiet laus
Underteikna er mellom dei som hevdar at praktiseringa av plan og bygningslova går på lokaldemokratiet laus. Haustens kommuneval var prega av låg valdeltaking. Ein av grunnane er at folk opplever at dei ikkje har innverknad på utviklinga av nærmiljøet sitt.

Stadig meir av planlegginga skjer på overordna nivå. Regionale planar legg føringar for kommunale prosjekt. Kommunane sine arealplanar er strekar på eit kart der fargeklattane avgjer kva dei einskilde innbyggjarane kan nytta eigedomane sine til.

Når dei politiske partia samstundes talar med ei stemme, og fleire politiske representantar sit i kommunestyra for å fremja eigne interesser, er ikkje det noko som akkurat styrkjer tilliten til at den endelege planen skal tena alle sine interesser.

-Vi har ein plan
”Vi morar oss til døde”, skreiv Neil Postmann om medierevolusjonen på slutten av 1980-talet. Bør dagens planrevolusjon føra til at vi omskriv uttrykket til ”vi planlegg oss til døde”? Dagens plan og bygningslov legg opp til at det skal lagast ein plan for omtrent alt. Kan hende er det i ferd med å verta for mykje planlegging og for lite rom til fleksibilitet?

-Vi har ein plan! Uttrykket er – i det minste for min generasjon – forbunde med Egon Olsen og Olsenbanden-filmane på 1970-talet.

-Vi har ein plan, forkynte Egon Olsen like sjølvsikkert til kompisane sine kvar gong han slapp ut frå Botsfengselet. I likhet med dagens ordførarar, klarte den karismatiske gjengleiaren å skapa engasjement rundt prosjekta. Når det kom til stykke viste det seg likevel oftast planane var full av hol som gav opphav til lått og løye for kinopublikum gjennom eit heilt tiår.

Forventningane til god planlegging er like store i det moderne Norge som det var i gjengen til Egon. Debatten kring mange vedtak avslører at det er flust av feller å gå i, også for moderne planleggjarar.

Les meir frå plankonferansen i Hordaland:
Medverknad – meir enn berre folkemøte
Intensiverer kampen mot tidstjuvane
Dispensasjonsfylket

Advertisements

4 Comments

  1. Problemet med denne lova i Fjell kommune er at den praktiserast ulikt frå sak til sak og skapar enorm frustrasjon og harme blant vanlige grunneigarar utan kontaktar i administrasjonen. Det merkelege er at det for utanforståande kan sjå ut som det er Sartor senter leiinga som legg føringar for korleis lova her i kommunen skal utøvast. Om det grenser til korrupsjon må andre svare for.Ellers vil eg sei at tunnelsyn dekkjer nyheitsbilde lokalt mykje betre, kritisk og breiare enn lokalavisa Vest Nytt.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s