Dispensasjonsfylket

Med 1620 innvilga dispensasjonar i 2014, ligg Hordaland heilt på topp i landsmålestokk.

Nokon dispensasjonar er meir problematiske enn andre: Det gjeld dispensasjonar for store, omfattande tiltak der det ikkje på førehand er gjort noko god avklaring av konsekvensane av tiltaket. Uavklarte miljøkonsekvensar i tilknyting til store massefyllingar, og ved utplassering av oppdrettsanlegg, er tilhøve fylkesmannen er særs lite nøgd med, fortalde assisterande fylkesmann Rune Fjeld dei vel 280 påmelde til den årlege plankonferansen.

Presedens
Dispensasjonar for mindre tiltak, men som skapar presedens, er også problematisk sett frå Statens Hus. Å gje tillating til å byggja eitt naust i stradsona kan i og for seg vera uproblematisk. Problemet kjem når grunneigar nr. 2, 3, 4 og 5 også søkjer om å få byggja naust, med grunngjeving om at førstemann fekk lov.

Likebehandling
– Offentleg forvaltning er nøydd til å behandla alle like tilfelle likt. Eg er difor glad for at det skal verta lettare å endra eller oppheva reguleringsplanar. Kan hende vil det redusera behovet for dispensasjonar, filosoferte Fjeld.

Tunnelsyn kjem tilbake med fleire saker frå Plankonferansen dei komande dagane.

Les også:
Skjerpar kampen mot tidstjuvane
Kontroversiell lov fyller 50

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s