Intensiverer kampen mot tidstjuvane

Bruk av innsigelsar og søknadar om dispensasjonar er to av tidstjuvane moderne planleggjarar vert utsette for.

Ekspedisjonssjef Jarle Jensen i Kommunaldepartementet skal hjelpa planleggjarane i kampen mot tidstjuvane.
Ekspedisjonssjef Jarle Jensen i Kommunaldepartementet skal rettleia planleggjarane i kampen mot tidstjuvane.

Første dag av den årlege plankonferansen til Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland var prega av mimring og oppsummering av 50 år med plan og bygningslova, men det vart og høve til å sjå framover.

Få opp tempoet!
Ekspedisjonssjef Jarle Jensen i Kommunaldepartementet kom bra frå oppdraget om å formidla den politiske leiinga sine forventningar og rammer for ny og meir effektiv planlegging.

Større tempo i planprosessane, og raskare avklaring av interessemotsetnadar står heilt på toppen på kommunalminister Jan Tore Sanner si ønskjelista.

Tidleg interesseavklaring
For å få det til, må kommunane jobba aktivt med planstrategiar, slik at dei kan prioritera mellom ulike tiltak. Då vil det vera mogeleg å få til ei interesseavklaring på eit tidleg tidspunkt, slik at kommunen eventuelt kan seia nei, dette tiltaket ønskjer vi ikkje.

Fleire statlege planar
Ein trend vil gå i retning av auka bruk av statlege planar, særleg innan samferdsel. Ved å utarbeida overordna planar over større område, og få til tidleg avklaring av ulike interessemotsetnadar, reknar Jensen med at planleggingstida for store samferdselsprosjekt vil kunna halvverast. Statlege planar vil mellom anna sleppa dei mange innsigelsane som forseinkar planarbeidet på lågare nivå.

E39 mellom Stord og Os vil vera døme på ein slik statleg plan, ifølgje Jensen.

– Målet er ikkje å fjerna konfliktane, men å betra samspelet og involveringa av ulike interessentgrupper i tidleg fase, sa Jensen.

Planlegging i sjø
Planlegging i sjø, verkar vera særleg heitt i Hordaland. Her ser Jensen at det vil vera behov for å utarbeida ei statleg rettleiing.

Utmarksområde er ein annan arealtype der planlegginga i dag må ta omsyn til ei mengde ulike lovverk som til dels motverkar kvarandre.

– For å hindra at det oppstår stadig fleire interessekonflikter, bør det koma ei lovendring som tillet Plan og bygningslova å vega dei ulike interessene opp mot kvarandre, sa Jensen.

Vidarefører prøveordning
Fylkesmannen i Hordaland starta i 2013 eit treårige forsøket med samordna innsigelse frå eit 20-tals statlege instansar. Departementet er så nøgd med resultatet av ordninga at Jensen alt no kan røpa at ho truleg vert vidareført.

Tunnelsyn kjem tilbake med fleire saker frå plankonferansen dei komande dagane.

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s