Vil halda byggjebransjen i aktivitet

Det er behov for tiltak som kan bidra til å halda hjula i gang i byggebransjen. Fjell kommune kan bidra til å halda aktiviteten opp ved  å kjøpa 200 nye kommunale bustadar dei komande åra, tilrår rådmann Steinar Nesse i forslaget til investeringsbudsjett for 2016.

Det var på kommunen sitt årlege budsjett- og strategiseminar på Panorama at Nesse la fram forslaget om ein tiltakspakke som kan bidra til å halda oppe aktivitetsnivået i den lokale byggjebransjen.

I første omgang vil Fjell få fem millionar kroner i ekstra tilskot frå staten til vedlikehald av offentlege bygg.

Det største bidraget må kommunen likevel yta sjølv. I budsjettforslaget som låg på bordet, foreslår rådmannen å investera totalt 141 millionar kroner til bustadkjøp neste år. Pengane skal brukast til å dekka behovet for bustadar til flyktningar, rus-misbrukarar, psykiatriske pasientar og andre grupper som har vanskar med å koma inn på den lokale bustadmarknaden.

Uverdige tilhøve
– Vi reknar at det for tida er 30 bustadlause i Fjell. Dei lever under uverdige tilhøve, sa Nesse.

Rus-planen kommunestyret vedtok like før ferien gjev rådmannen fullmakt til å nytta 40 millionar kroner til kjøp av bustadar.

Planen om å byggja bustadar til rus- og psykiatripasientar er førebels utsett. Her vil det vera snakk om å byggja fleire bustadar i tilknyting til Helselandsbyen på Straume, og andre stadar i kommunen.

Flyktningar
Fjell sa i vår ja til å ta mot 63 flyktningar. Saman med familie-attforeining vil det føra til ein folkeauke på 80 – 90 personar som treng bustad i år. Dei nye landsmennene våre er alt sikra tak over hovudet, forsikra Nesse.

Neste år reknar rådmannen med at 60 flyktningar vil ha behov for tak over hovudet.

-Totalt vil det vera behov for 200 nye bustadar dei næraste åra, sa Nesse.

Mykje til sals
Eindel av behovet vil truleg kunna dekkast gjennom den ordinære bustadmarknaden. Det er for tida kring 265 bustadar til sals i Fjell, ifølgje Finn.no. 222 av dei er nybygde, eller prospekt. Storleiken på bustadmarknaden i Fjell har halde seg nokonlunde stabil sidan før sommaren, ifølgje Tunnelsyn analyser. Heile 185 av husværa er leilighetar, 14 rekkehus og sju tomannsbustadar.

Askøy har til samanlikning ein langt mindre, men meir balansert bustadmarknad. Her er det berre 133 husvære til sals, 72 av dei er nybygg. Av desse er det 48 leiligheter, 25 tomannsbustadar og ni rekkehus.

Bustadstiftinga
Det er Fjell Bustadstifting som har hovudansvaret for å skaffa bustad til vanskelegstilte i kommunen. Dei eigde kring påsketider 180 utleigebustadar og planlag å byggja eit 20-tals nye i år.

Den pressa situasjonen, mellom anna behovet for å skaffa bustadar til flyktningar, har ført til at kommunen har etablert eit eige kontor med fem tilsette for å avhjelpa behovet, fortalde Nesse.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s