Medverknad – meir enn berre folkemøte

Skal utbyggjarane nå fram med ropet om raskare planprosessar, vert dei nøydde til å involvera alle interessentar tidlegare og på ein langt tettare måte enn i dag.

Dette var eit av bodskapane under den årlege plankonferansen til Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland. Andre dagen av konferansen var ein heil sesjon via temaet ”medverknad” og korleis involvering av ulike grupper av interessentar kan bidra til å gjera dei endelege planane betre og meir realiserbare.

Effektive og velfungerande
Det er ikkje berre Innbyggjarinitaitvet Bevar Straume som er opptekne av behovet for tidleg innbyggjarmedverknad i planprosessar.

Fokuset på tidlegare og tettare medverknad har støtte heilt på toppen i Kommunaldepartementet.

– Korleis det vert lagt til rette for medverknad i planlegginga, er avgjerande for å sikra effektive og velfungerande planprosessar, skriv kommunalminister Jan Tore Sanner i innleiinga til Kommunaldepartementet sin nye rettleiar om ”Medverknad i planlegging”.

Gjestebod
Mange kommunar har innsett at involvering av innbyggjarane er lokaldemokrati i praksis. Forslaga til metodar for tettare involvering er mange, og på plankonferansen fekk deltakarane vita litt om kva som fungerer og kva som kan verta betre.

I Svelvik har dei gjort det til ein vane å invitera einskildindivid og grupper til gjestebod når viktige planar skal utarbeidast. Slik oppnår kommunen å få fram informasjon til fleire. Planleggjarane får også innspel frå fleire, både einskildindivid og grupper, som dei elles ikkje ville ha nådd, fortalde samfunnsplanleggjar Anne Synnøve Vaagsland Horten.

Vaflar
Då kommuneplanen sin samfunnsdel skulle ut på høyring, drog planavdelinga i Askøy ut til fem av kommunesentra og inviterte skuleelevar og tilfeldige forbipasserande på vaflar for å få vita kva dei meinte om planen.

”Barnetråkk” er Norsk design- og arkitektursenter sitt forslag til å få betre kjennskap til kva som skal til for at kvardagen til ungar skal verta tryggare når nye planar vert realisert.

Krav om medverknad
Plan og bygningslova (PBL) krev at involvering og medverknad frå einskildpersonar, berørte partar og ulike interesseorganisasjonar skal vera ein del av planprosessen. I dag freistar likevel dei fleste utbyggjarane begrensa medverknaden til det som er lova sitt minimum, nemleg kunngjering og folkemøte.

Fleire må med!
– På eit folkemøte møter det gjerne 20 – 30 personar. Eg ser eit behov for fleire og meir pedagogiske metodar som kan bidra til å trekkja fleire grupper inn i planlegginga, sa Lars Tore Martinsen i Statens vegvesen.

Eit velfungerande lokaldemokrati føreset aktiv deltaking frå innbyggjarane si side.
Praktisering av lova sitt minimumskrav til medverknad er ikkje godt nok, har også kommunalminister Jan Tore Sanner erkjent.

Lokaldemokrati
Kravet om medverknad i planprosessane er ikkje nytt. Alt i 1968 offentleggjorde den amerikanske forskaren Shelly Arnstein ein fem-stegs skala for grad av involvering av innbyggjarane.

Frå passiv offentliggjering og informasjon, via diskusjon til aktiv medbestemming og avgjerdsrett.

I det norske lovverket har kravet om medverknad vore med sidan revisjonen av PBL i 1985. PBL §5 legg opp til aktiv medverknad, men framleis er det dei passive tiltaka som dominerer i norske planprosessar.

Lukka rom
Eindel private utbyggjarar ser tilsynelatande helst at planlegginga får lov til å skje i eit lukka rom. Det er lett å gløyma at planen før eller seinare skal realiserast og at resultatet helst bør bidra til å skapa eit betre samfunn.

Overordna ansvar
PBL er tillagt eit overordna ansvar for å avklara ei rekkje ulike og til dels motstridande interesser i samband med utarbeiding av reguleringsplanar. Får kommunalministeren det slik som han vil, vil kravet om interesseavklaring verta utvida til å gjelda enno fleire lovar, særlig i tilknyting til utbygging i utmarksområde, sa ekspedisjonssjef Jarle Jensen i Kommunaldepartementet.

Går forslaget til lovendring gjennom, vert det enno viktigare enn i dag å motverka ”silotenking”. Alle interesser må få koma til orde på eit tidleg tidspunkt for å få til gode planar. Gjennom tidleg involvering vil det også vera mogeleg å sila ut openbart urealistiske prosjekt på eit tidleg tidspunkt. Då slepp utbyggjarane kasta vekk store ressursar på planar som ikkje vil verta verkeleggjorte, sa Jensen.

Les meir om Innbyggjarinitativet Bevar Straume sitt arbeid for medverknad:
Åtvarar mot aukande framandgjering
Innbyggjarforum – auka medverknad i plansaker
Lokal motstand pressa fram betre løysing

Askøybyen – ein snublestein for lokaldemokratiet

Les meir frå plankonferansen i Hordaland:
Intensiverer kampen mot tidstjuvane
Dispensasjonsfylket
Kontroversiell lov fyller 50

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s