Sender 400 invitasjonar

Det vert Kiwanis haustutstilling i år og. For å markera flyttinga til nytt lokale, vil utstillinga vara ei heil veka til ende.

Kiwanis Club Sotra haustutstilling
Roald Tellnes har følgt Kiwanis haustutstilling sidan 1988, hans «Performance» prydar årets invitasjon.

Kiwanis fekk i fjor melding om at haustutstillinga måtte ut av foajeen i Rådhuset. Etter å ha vore på husjakt i lengre tid, er det no endeleg klart at den årvisse utstillinga i år vil gå av stapelen i Sartor Senter i veka 6. – 15. november, seier ein letta Kjell Lilletvedt til Tunnelsyn.no.

Kjell Lilletvedt er president i Kiwanis Club Sotra og kunstnarleg ansvarleg for den tradisjonsrike haustutstillinga som i år går av stabelen for 29. gong.

Prøva nye konsept
Utstillinga skal halda til i 3. Etasje, vis-a-vis Vitensenteret.

– Plasseringa gjev tilgang til nye og yngre publikumsgrupper. Det inspirerer til å prøva ut nye konsept, fortel Lilletvedt. To veker før startskotet går, har han framleis ikkje fått plass alle detaljane i tilknyting til årets arrangement.

– Sartor Senter er under kontinuerleg utvikling, men vi håpar å kunna ha dette lokalet i nokre år framover, seier Lilletvedt.

Tilgang til eit fast lokale vil gjera det mogeleg for arrangørane å utvikle og perfeksjonera nye tiltak som viser seg å treffa publikum heime.

Kunstglade Sotrastrilar
Kiwanis Club Sotra haustutstillingHaustutstillinga har alt eit stort publikum. Til vernissasjen 6. november planlegg Kiwanis å senda 400 invitasjonar til kunstglade Sotrastrilar.

Hører du ikkje til dei utvalde er det likevel berre å koma: Som vanleg vil haustutstillinga også i år vera ei open utstilling, utan inngangspengar.

Held korta tett
Publikum kan venta å finna same miksen av lokale og nasjonale kunstnarar, innan ulike teknikkar som dei er vane med, forsikrar Lilletvedt.

Den kunstnariske leiaren held korta tett til brystet. Det vil som vanleg skje ei viss utskifting i kva kunstnarar som er representerte, seier Lilletvedt. Meir ønskjer han førebels ikkje å røpa.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s