Gründerselskap søkjer to millionar

Tenk deg at du er om bord på eit skip, og det byrjar brenna i maskinrommet. Scandinavian Reach Technologies AS har utvikla ei tryggleiksløysing som gjer det mogeleg for vakthavande på brua å ha full kontroll med kvar alle om bord oppheld seg i ein krisesituasjon.

Scandianvian Reach Technologies
Offshorefartøy, linjeskip og Sjøforsvaret utgjer den primære marknaden for dagleg leiar Arild Sæle og Scandinavian Reach Technologies AS. I neste fase kan det verta aktuelt å oppskalera til riggar.

– Slike krisesituasjonar om bord på skip er oftast rimeleg kaotiske. Vi gjer det einkelt for vakthavande og redningmannskap å få oversikt og planleggja eventuelle redningstiltak, fortel dagleg leiar Arild Sæle i gründerverksemda med adresse Ågotnes.

Gründeren er overtydd om at den trådlause tryggleiksløysinga deira vil kunna berga liv i ein krisesituasjon.

Konsentrera leiteaksjonar

Scandinavian Reach Technologies AS
Slik vil ein naudsituasjon ta seg ut for vakthavande på brua. Det raude punket er brannen, grønt viser røykdykkarane og blå punkt er mannskap

Med løysinga til Scandinavian Reach vil det vera mogeleg å konsentrera eventuelle redningsaksjonar til eit leiteområde avgrensa til 10 – 20 meter, istaden for å måtta søkja gjennom heile skipet.

– Hadde ei tilsvarande løysing vore installert på Rocknes, kunne redningsmannskapa einkelt ha lokalisert kvar i skroget dei innesperra var, kor mange dei var, og korleis dei hadde det, seier Sæle.

Trådlaust

Scandinavian Reach Technologies AS
Tryggleiksarmband med innebygd RFID-sendar.

Straks dei kjem om bord får mannskap og passasjerar tildelt kvart sitt armband med innebygd RFID-sendar. I ein naudsituasjon vil sensorar utplassert i alle rom fanga opp RFID-signala og sender dei vidare til ei datamaskin på brua.

På skjermen ser vakthavande ein modell av skipet, der plasseringa til dei ombordverande framstår som raude sirklar. Her kan han og lesa av annan kritisk informasjon som CO2-innhald og temperatur i rommet.

Via satellittkommunikasjon kan informasjonen vidaresendast til Redningssentralen, slik at dei kan overvaka og planleggja eventuelle redningsoperasjonar.

Sjøforsvaret ser nytten i tryggleiksløysinga og er partnar for uttestinga. Ein vellukka test i røykdykkartanken på Håkonsvern nyleg gjer Sæle optimistisk med tanke på framtida.

Open emisjon
Teamet på seks personar bak Scandianvian Reach Technologies har halde på i fleire år med å testa ulike teknologiar. Undervegs har dei fått økonomisk støtte mellom anna frå Innovasjon Norge. I vår var løysinga såpass klar at teamet starta eige selskap med Sæle som hovudaksjonær.

Tidlegare denne månaden presenterte gründeren tryggleiksløysinga for potensielle investorar.

– Målet i første omgang er å henta inn to millionar kroner i ein open emisjon. Korvidt vi vel ein stor samarbeidspartnar som teiknar seg for heile beløpet, eller fordelar risikoen på fleire små er enno ikkje klart, fortel Sæle.

Stor marknad
Offshorefartøy, linjeskip og Sjøforsvaret er den primære marknaden. Etterkvart som systemet vert meir utprøvd, kan det vera naturleg å oppskalera til større riggar og kan hende til cruiseskip, slik Sæle ser det i dag.

Sidan løysinga byggjer på trådlaus teknologi, og ikkje på kabling, vil ho vera lett å etterinnstallera på eldre skip, ifølgje Sæle.

– Den potensielle marknaden er stor, meir enn 100.000 skip, smiler gründaren.

Heile kostnadsbiletet er enno ikkje klart. Prisen vil variera, avhengig mellom anna av talet på rom og kor stort mannskap som er om bord. Årleg leige for ein installasjon på eit offshorefartøy kan koma til å kosta i storleiken 200.000 – 250.000 kroner, antydar han.

RFID
Å finna fram til eigna trådlausteknologi har vore ei av dei store utfordringane. Etter å ha vurdert både Wi-Fi og Bluetooth, landa Sæle på RFID. Den store rekkjevidda til dei små sendarane, og det at sendarane kan ”snakka” med fleire sensorar samstundes, avgjorde valet.

– Gjennom programmeringa legg vi opp til å etablera eit sokalla ”mash-nettverk” der alle sensorane snakkar med alle. Det gjev ei robust løysing som toler at ein eller fleire sensorar fell ut, utan at tryggleiken vert svekka, seier Sæle.

Det er den eigenutvikla programvaren som er kjernen i løysinga. Sensorar og RFID-sendarar er standard hyllevare som kan leverast av kven som helst til ein overkomeleg kostnad.

Personvern
-Dette er eit tryggleikssystem, ikkje eit overvakingssystem, understrekar gründeren.

– Systemet skal berre kunna aktiverast dersom det oppstår ein reell naudsituasjon, ved redningsøvingar eller i tilfelle vedkomande person sjølv utløyser alarmen. Om det siste er tilfelle, er det berre hans eigen posisjon som vil visa på skjermen på brua, ikkje alle dei andre. All aktivisering vil verta logga, forklarar Sæle.

Sæle er overtydd om at systemet ikkje kan nyttast til dømes til å registrera kor lang tid mannskapet brukar på å gjera ein arbeidsoperasjon, eller når dei oppheld seg på lugaren.

For å vera på den sikre sida når det gjeld personvern, har Scandinavian Reach vore i kontakt med advokatar for å avklara at løysinga fungere etter intensjonen.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s