Farvel fornuft, farvel sunt folkevett?

Dette er ikkje trygt! Dei vel 400 som har underskrive oppropet frå Brukarane av Straumsundet mot ny småbåthavn i sundet er ikkje i tvil. Spørsmålet vi alle no bør stilla er: Kan 400 innbyggjarar overtyda planleggjarar og politikarar som aldri har opplevd korleis straumtilhøva påverkar ferdsla i sundet?

Straumsundet
Det vert ikkje mykje passasje att nord – sør dersom det kjem ei småbåthavn der akterenden på båtane stikk 15 – 20 meter ut i sundet, like bak båten på biletet.

Fyllinga til Straume Sjøfront har redusert småbåttrafikken gjennom Straumsundet. Mange som før ferdast gjennom sundet kjenner seg utrygge. Vi opplever kombinasjonen av redusert sikt, sterkare straum og smalare og kronglete farlei som farleg.

Straum av dispensasjonssøknadar
Heldigvis er det framleis mange som ferdast med båt i sundet, dagleg, vekentleg eller innimellom. Interesseorganisasjonen Brukarane av Straumsundet oppstod spontant, då det for alvor gjekk opp for oss kva som var i ferd med å skje. Saman med Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag har vi fronta motstanden mot straumen av stadig nye dispensasjonssøknadar frå utbyggjar. Kvart tiltak har bidreg til å gjera farleia litt meir utrygg.

Politikarane har stått tafatte på sidelinja.

Mot faglege råd
Ei småbåthavn der akterenden på båtane stikk ytterlegare 15 – 20 meter ut i sundet, vil redusera tryggleiken for annan sjøvegs trafikk ytterlegare.

Kommunestyret i Fjell vedtok reguleringsplanen i 2011. To år seinare oppdaga dei at ops: vi skulle visst ha gjeve tillating etter Hamne- og farvasslova, også. Då hadde utbyggjar utan løyve uforstyrra fått lov til å fylla stein i sundet i meir enn eit halvt år.

Kommunestyret vart nøydd til å eigengodkjenna fyllinga – mot protestane frå faginstansen Bergen og omland Havnevesen.

På vilkår
To av vilkåra for eigengodkjenninga er viktige sett i lys av planane om ei småbåthavn utanfor kaifronten:
P. 4) Forankring av bryggje må utførast slik at desse ikkje hindrar eller skader annan sjøvegs trafikk.
P. 6) Dersom det seinare skulle visa seg at bryggja/fortøyningane hindrar eller er til sjenanse for ferdsla i området, må bryggja/fortøyningane fjernast eller omplasserast utan utgift for det offentlege.

Blind tiltru
Politikarane våre har gjort vedtaka i blind tiltru til utbyggjar. Det har dei gjort trass i at det aldri har vore gjort noko konsekvensutgreiing av fyllinga. Ikkje ein einaste gong har ordførar, rådmann og kommunestyret vore på synfaring – sjølv om dei har vore inviterte. Aldri har dei erfart korleis ein båt oppfører seg i møte med dei noverande straumtilhøva.

400 innbyggjarar forventar at politikarane våre omsider tek inn over seg situasjonen. Når tryggleiken til innbyggjarane kjem i konflikt med kommersielle interesser, forventar vi at liv og helse vert prioritert.

Reguleringsplanen må endrast
Viser det seg at småbåthavna er i samsvar med den vedtekne reguleringsplanen, noko vi sterkt tvilar på, forventer 400 innbyggjarar at vilkåra som vart stilt då kommunestyret eigengodkjende fyllinga trer i kraft.

I så fall må det vera ein logisk konsekvens å endra den vedtekne reguleringsplanen.

Viser det seg mot formodning at vilkåra ikkje er verd papiret dei er skrive på, kan det lett verta tolka som at politikarane våre prioriterer utbyggjar sine kommersielle interesser framfor liv og helse til innbyggjarane. Politikarane i Fjell har i så fall pådrege seg eit omdømeproblem. Dei legg att fornuft og sunt folkevett utanfor døra til kommunestyresalen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s