Inspiserte Borgstovo

For å halda vatnet ute frå Borgstovo på Fjell prestegard, må taket sikrast umiddelbart. Forfallet må stoppast inntil bygget sin endelege skjebne er avgjort. OVF inspiserte bygget i dag.

-Kan det tenkjast at lokale kulturinstitusjonar vil overta Borgstovo, mot å flytta henne til Gjerdet kulturminnegard, spør prestegardsinspektør Gunnar Birkeland i Opplysningsvesenets fond.
-Kan det tenkjast at lokale kulturinstitusjonar vil overta Borgstovo, mot å flytta henne til Gjerdet kulturminnegard, spør prestegardsinspektør Gunnar Birkeland i Opplysningsvesenets fond.

Borgstovo på prestegarden står til nedfalls. Både Eldrerådet i Fjell og Kulturminnelaget har engasjert seg for å få berga bygget.

Det er Opplysningsvesenets Fond (OVF) som eig Fjell prestegard. Tunnelsyn.no fekk vera med då prestegardsinspektør for Bjørgvin, Gunnar Birkeland, i dag vitja prestegarden for med eigne auge å studera vedlikehaldsbehovet.

Langtkome forfall
Det ytre forfallet på Borgstovo har kome langt. Ein dam på gulvet inne i stova avslører at det renn vatn inn i bygget.

-Taket treng reparasjon, vindauga må skiftast og ein bærebjelke må jekkast opp, oppsummerte den lokale handverkaren som var med på inspeksjonen. Han skal no utarbeida eit kostnadsoverslag for utvendig reparasjon.

Kostnadsoverslag
Prestegardsinspektøren ser det er behov for ei snarleg avklaring av Borgstova sin skjebne.
– Borgstovo får ikkje stå til skamme, sa Birkeland då Tunnelsyn.no først tok opp saka.

I første omgang vil det no verta strekt ein presenning over taket. Kva som deretter vil skje, avheng mellom anna av handtverkaren sitt kostnadsoverslag.

– OVF har eit budsjett vi må forhalda oss til. Vi kan ikkje nytta alle midlane på dette bygget, sa Birkeland.

Riva og flytta?
Borgstovo sin kulturhistoriske verdi som del av prestegarden må også med i den endelege vurderinga av skjebnen til Borgstovo. Bygget vil i så fall verta sikra for ettertida avdi det utgjer ein verdifull del av tunet til den private prestebustaden, fortel prestegardsinspektøren.

Birkeland har merka seg den lokale interessa for å bevara Borgstova:
– Borgstova utgjer ein del av prestegardstunet. Av omsyn til prestefamilien sitt privatliv, vil det vera utfordrande å opna bygget for almen bruk, til dømes som bygdemuseum, seier representanten for huseigaren.

– Kan det vera aktuelt at lokale institusjonar overtek bygget, mot å flytta det til dømes til Gjerdet kulturminnegard, spør Birkeland.

Høg kulturminneverdi
OVF eig fleirtalet av dei norske prestegardane. Dei vurderer no å selja prestegardar som ikkje lenger er aktuelle for føremålet.

– OVF vudrerer at Fjell prestegard har høg verdi som kulturminne, og som vi difor gjerne ønskjer å behalda. Det same er tilfelle med Sund prestegard, seier Birkeland.

Det at OVF vurderer at prestegardane har høg kulturminneverdi betyr likevel ikkje at prestegardane i Fjell og Sund er freda i samsvar med Riksantikvaren sine retningsliner, ifølgje prestegardsinspektøren for Bjørgvin.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s