Rosa november

Det er utruleg for eit mirakel nokre få dagar med haustbleik, lågthengjande sol kan utretta i rosehagen, sjølv i slutten av oktober.

20151101_rosa bukett_webDen daglege rusleturen gjennom rosehagen på leit etter nyutsprungne fargeklattar å henta inn til stove, kjøkken og skrivebord gjev ekstra vitaminar i når hagen står full av knoppar.

Sjølv om kalenderen seier 1. november, er det framleis mykje å gleda seg over.

Rosa skjær
Dagen står i eit rosa skjær; Astri Lindgren, Queen Elisabeth, New Dawn, Bonica og Home & Garden står framleis og byr seg fram, og ropte etter å bli tekne med inn i varmen.

Alnwick Rose og Cinderella er fulle av knoppar, og sterke kandidatar til Julerosa 2015, om vergudane vil. Vi står visstnok framfor ein skikkeleg fimbulvinter, om meteorologane får rett.

Utvatna Wiskey

Saman med knallraude Home Run og Champlain, kvite Gråstein og oransjegule La Villa Cotta utgjer dei rosa damene ein nydeleg bukett i mor mi si gamle mugge. Ein bleik og utvatna Wiskey høyrer med i selskapet.

I særklasse
Velduftande Goethe, Munsted wood og Black Magic var så vakre at dei fortente å få ein vase heilt for seg sjølv. Det same er tilfellet med Tchaikovski.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s