Fest i lånte fjør

20. november i fjor var det storstilt opningsfest på Sartor Storsenter på Straume. Med det var ein fest i lånte fjør. Gjeldsandelen til Sartor Holding AS vil framleis vera skyhøg, sjølv om Olav Thon Eiendom ASA no kjøper seg opp i senteret.

20151102_sartor fasade2Ei handfull selskap gjekk under radaren då Tunnelsyn nyleg utarbeidde oversikten over dei største verksemdene i region vest i 2014. Felles for desse selskapa er at dei er organisert i ein konsernstruktur, med eit beskjedent morselskap og omfattande aktivitetar i ein underskog av dotter- og dotterdotterselskap.

Jernvilje
Eigedomsselskapet Sartor Holding AS med utgangspunkt i Sartor Storsenter, er eit slikt konsern. Med driftsinntekter i morselskapet på beskjedne 14,2 millionar kroner i fjor, er det lett å undervurdera satsinga til gründerfamiliane Einarsen og Rennedal om ein berre ser på elementære parametre for rekneskapsanalyse.

Konsernrekneskapen for dei siste åra vitnar om at drifta av senteret, som i dag er delvis overført til andre generasjon, vert kontrollert av to familiar med skyhøgt ambisjonsnivå og jernvilje når det kjem til gjennomføring. På fire år er både eigenkapitalen og gjelda meir enn dobla.

Fest i lånte fjør

Frå nyopninga av det renoverte Sartor Storsenter 20. november i fjor. Olav Thon, Eli Berland og Ernst Morten Einarsen.
Frå nyopninga av det renoverte Sartor Storsenter 20. november i fjor. Olav Thon, Eli Berland og Ernst Morten Einarsen.

20. november i fjor var det storstilt opningsfest på Straume. Denne dagen vart det ikkje spart på noko. Olav Thon, som lenge har eigd delar av Sartor Storsenter, kasta glans med raud topplue og ordførar Eli Berland i Fjell klipte snora då handlesenteret gjenopna etter ei omfattande om- og utbygging.

Den som smilte breiast var likevel dagleg leiar Ernst Morten Einarsen i Sartor Holding AS. Han fronta nyopninga ovanfor media og publikum på vegne av eigarfamiliane.

At det var ein fest i lånte fjør drukna i sjampanjeflaumen. Eigarfamiliane sin vilje til å ta økonomisk risiko har gått media hus forbi. Konsernet si samla gjeld er kanskje det mest oppsiktsvekkjande ved Sartor Holding. Av dei bokførte eigedelane i balansen på 1,6 milliardar kroner, er heile 1,448 milliardar finansiert med lån og obligasjonar frå bankar og andre kredittinstitusjonar. Nye låneopptak gjorde at eigenkapitalandelen i fjor vart redusert frå åtte til 7,4 prosent av totalkapitalen.

Økonomisk risiko
Storparten av gjelda er samla i morselskapet. Verdiane derimot, vart i løpet av fjoråret i aukande grad overført til dotterselskapa. Ei verdioverføring som hovudsakeleg skjedde i form av auke i innskoten aksjekapital.

Sartor Senter utgjer største einskildsatsinga i konsernet, med ein bokført verdi på 477,4 millionar kroner.

Den nær totale renoveringa av handlesenteret hadde kosta. Kundane flykta i flokk frå anleggsplassen, og mange lokale stod tomme gjennom storparten av 2014. Driftsresultatet sokk som ein stein. Etter frådrag for vel 45 millionar kroner i rentekostnadar, enda konsernet med eit resultatet før skatt på minus 9,2 millionar kroner. 27 millionar kroner mindre enn i 2013.

Byutvikling
Sidan den beskjedne starten i 1977 har Einarsen- og Rennedalfamiliane utvida aktivitetane frå handel med daglegvarer, sko og kosmetikk til også å omfatta byutvikling og underhaldning.

Rykta om den amerikanske kjøpesenterdøden må ha halde strategane i gründerfamiliane vakne om natta. I staden for store parkeringsplassar som står tomme halve døgnet, investerer dei no enorme summar på å byggja by rundt senteret.

All parkering i tilknyting til Sartor Storsenter skal under jorda. Svaret heiter Kystbygarasjen, og er Norges største underjordiske parkeringsanlegg. I samband med ferdigstillinga i fjor haust, fekk eigarselskapet Straume Parkering overført 267 millionar kroner i innskoten aksjekapital frå morselskapet. Parkeringsanlegget har no ein bokført verdi på vel 300 millionar kroner. Publikum kvir seg for å oppsøkja det underjordiske. Underskotet på drifta vart bokført med vel 407.000 kroner.

Stod i vegen
Uheldigvis for naboane stoppar ikkje ambisjonane for byutviklinga ved yttergrensa til den tidlegare parkeringsplassen.

Eit rekkjehus med ti bustadar måtte i vår rivast for å gje plass til blokka Straumehagen.
Med jernvilje, sete i kommunestyret og gode relasjonar i kommuneadministrasjon har eigarane av Sartor Holding AS klart å oppheva seg sjølv til ein status tilnærma eineherskarar på Straume. Så langt har 15 familiar blitt tvinga vekk frå heimane sine i det som er tenkt å verta Straume sentrum.

Inntektssvikten til Sartor Holding i 2014 hadde vore vesentleg større, hadde ikkje konsernet kunna bokføra inntekter frå salet av 66 prosent av aksjane i Straumehagen AS til Veidekke ASA og OBOS AS. I staden enda dotterselskapet Altus Eiendom AS med eit overskot på 2,3 millionar kroner.

Fyllinga i Straumsundet
Straume Sjøfront og fyllinga i Straumsundet er ein historie for seg. Ingen, heller ikkje politikarane i kommunestyret, fatta alvoret då reguleringsplanen vart vedteken i 2011. Overskotssteinen frå utsprenginga av det underjordiske parkeringsanlegget var nok til å fylla halve Straumsundet. Kor store negative konsekvensar dette skulle få for straumtilhøve, sikt og manøvrerbarhet for småbåtane som ferdast i leia, har først gått opp for bygda i ettertid.

Ein gryande proteststorm vart avfeia frå Fjell kommune. Då Bergen og omland havnevesen byrja stilla kritiske spørsmål, valde kommunen like godt å fråta dei ansvar som godkjenningsmynde etter havne- og farvasslova.

Det lokalsamfunnet etterkvart karakteriserer som miljøkriminalitet, er i rekneskapen til Sartor Holding AS sminka til ”finansielle investeringar”. Kor mykje Sartor Holding og dotterselskapet Altus Eiendom fekk for salet av Straume Sjøfront til Veidekke ASA framkjem likevel ikkje av rekneskapen til morselskapet.

Har snudd marknaden
Einarsen- og Rennedalfamiliane satsar tungt på å vera ei av drivkreftene bak verkeleggjeringa av den sokalla Sotra kystby. Dei lenar seg på offisielle prognoser for folketalsutviklinga i Bergensområdet som tilseier sterk vekst i offshorenæringa, og stort behov for nye bustadar i åra framover.

Ambisiøse utbyggjarar som Sartor Holding AS har sytt for at bustadbygginga i Fjell går på skinner. På få år er utbyggingsmønsteret snudd, frå mindre einebustadar til leilighetar.

Den lokale offshorenæringa punkterte nærast kring årsskiftet. Arbeidsplassane forsvinn, og arbeidsløysa er dobla siste året. Arbeidsinnvandrarane frå Polen, Litauen og Sverige har byrja reisa heim. Effekten av den reduserte offshoreaktiviteten har så smått byrja slå inn også i eigedomsmarknaden.

Talet på uselde bustadar i Fjell aukar månad for månad. Utsikten til framtidig trafikkeksplosjon i det sentrale Straume sentrum i kjølvatnet av nytt Sotrasamband gjer at leilighetane her er tunge å selja.

Redda av kommunen
Når rådmann Steinar Nesse går på talarstolen i kommunestyret og skryt av at kommunen sitt kjøp av bustadar til eldre og vanskelegstilte har bidrege til at einskilde bustadprosjekt har blitt ein realitet, er Straumehagen eit av prosjekta han har i tankane.

At bygginga av Straumehagen i det heile kom i gang, er takka vera Fjell kommune, som kjøpte 10 av dei 43 bustadane i blokka.

På Sartor Holding sin dagsorden står uansett byutvikling en masse, både i Straume sentrum og på Nordre Bildøy. Eigedomen Branndalsåsen er kjøpt, og områdereguleringa er under utarbeiding. Her skal det verta 600 – 700 bustadar i blokker.

Brød og sirkus
Sirkus til folket har inngått i herskarane sin strategi, heilt frå romersk tid. Aksjonærane i Sartor Holding AS ser dei har store fotspor å fylla.

Konsernet er einaste eigar i Sotra Vitensenter AS og Sartor Aktiv Lek AS. Holdingselskapet har også hand om 75 prosent av aksjane i Sotra Kino som i desse dagar er tungt inne i James Bond sin inste krins. Med sine fem salar er kinoanlegget eit av dei største i landet utanom Oslo og Bergen.

Men moroa stoppar ikkje der. Uavhengig av familien eig Ernst Morten Einarsen halvparten av aksjane i eventarrangøren Heilt Konge AS. Etter at dei tapsbringande sommarfestane i Sotra Arena er avvikla, gjekk selskapet i fjor med eit overskot på 402.000 kroner. Eigenkapitalen er negativ, med 430.000 kroner.

Redda av Thon

Ordtak på veggen i lokala til Sparebanken Vest på Sartor Storsenter.
Ordtak på veggen i lokala til Sparebanken Vest på Sartor Storsenter.

Sartor Storsenter AS vart etablert 6. august i år. Selskapet vert eigd av Sartor Holding AS og Olav Thon Eiendom ASA i fellesskap.

Med brutto omsetnad hos leigetakarane på 1,248 milliardar kroner, havna Sartor Storsenter på 14. plass i landet på Kapital sin oversikt for dei ni første månadane i år. For heile fjoråret var omsetnaden 1,681 milliardar. Tidlegare år har handlesenteret vore heilt opp på 8. plass på den nasjonale rangeringa.

Dagens kunngjering om at Thon kjøper seg opp på Sotra, vil visa att i rekneskapen til Sartor Holding AS for 2015. Men Thon har lenge vore ein betydeleg eigar på Sartor Senter. Ei kvalifisert gjetting er at Thon betaler Sartor Holding 200 – 300 millionar kroner for å sikra seg ein andel i Kystbygarasjen og samstundes auka eigarandelen i det felles selskapet Sartor Storsenter AS frå 50 til 60 prosent.

Om vi ser på historien, og korrigerer for investeringar og låneopptak gjort i 2015, vil eigenkapitalandelen i Sartor Holding AS etter alt å døma framleis vera under 10 prosent ved utgangen av året.

Då eig du banken
Blant verksemdene som leiger lokale av Sartor Holding er Sparebanken Vest. Protestane frå finansieringsinstitusjonen hjalp lite, og det vakte oppsikt utanfor kommunegrensene, då den vakre natursteinsfasaden til den lokale sparebanken måtte rivast for å rydda plass til det meir internasjonale uttrykket i det renoverte Sartor Storsenter.

Kan hende har banksjefen lært ei lekse? På veggen inne i dei nye banklokala kan du i alle fall lesa dette ordtaket:

”Skyldar du banken nok peng, eig du den.”

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s