Ein arena å visa seg fram

Kunstnarane er i ferd med å innta Sartor Senter. Torsdag kveld er det hektisk førebuing til morgondagens vernissasje på Kiwanis sin årlege haustutstilling.

Kiwanis Club Sotra
Kvardaglege hendingar har inspirert Inger Anne Grimstad. «Livsdansen» og «Venninner» er ein kontrast til dei naturalistiske oljemaleria hennar.

Den tradisjonsrike haustutstillinga til Kiwanis Club Sotra vert i år arrangert for 29 gong. Nesten like mange kunstnarar deltek med eit variert utval av maleri, teikningar, skulptur, glaskunst og smykker.

Då Tunnelsyn stakk innom i 16-tida hadde utstillarane såvidt byrja arbeidet.  Kvelden før kvelden har president og kunstnerisk ansvarleg i Kiwanis Club Sotra framleis mange detaljar som skal ordnast før alt er klart for publikum. Dei siste bileta håpar han skal vera på plass før klokka 22.

Debutantar
– Kiwanis haustutstilling er ein fin arena å visa fram kunsten sin, er dei samde om, Kari Glesnes Jørgensen og Bjarte Eidevik. Begge deltek på det tradisjonsrike arrangementet for første gong.

Profesjonelle
Profesjonelle kunstnarar som keramikaren Elin Brudvik, målarane Roald Tellnes, Jarl Hugo Låstad og Alexander Stub har også sikra seg plass på utstillinga.

Brudvik var også tidleg ute, og spent på korleis publikum vil motta det nøysame utvalet ho har funne fram av skulpturar i steingods og bruksgjenstandar i porselen.

Ei veke til ende

Kiwanis Club Sotra
Debutantar: Kari Glesnes Jørgensen stiller med blome- og naturinspirerte akrylmaleri. Bjarte Eidevik har teke med blyantteikningar av naust, hus og naturen frå heimbygda Glesvær. «Krigar» av Elin Brudvik passar på.

– Kunstnarane stiller med gjenstandar for nær ein million kroner. Vi i Kiwanis Club Sotra håpar og trur at flest mogeleg av gjenstandane skal skifta eigar i den veka utstillinga varer, seier ein lett stressa Kjell Lilletvedt.

Til humanitære føremål
Overskotet av arrangementet vil gå til humanitære føremål, både lokalt og internasjonalt, fortel Lilletvedt. I fjor sikra klubben 100.000 kroner til ulike arrangment for ungar, funksjonshemma og eldre:

-Medlemmane våre jobbar dugnad, men pengane kjem vel med til leige av bussar og lokale, og til kjøp av gåver og liknande, seier Lilletvedt.

Sartor Senter
Utstillinga vert i år for første gong arrangert på Sartor Senter, i tredje etasje vis-a-vis VilVite.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s