Toppleiinga i Fjell kommune har hatt samtalar med Veidekke om utforminga av båthavna ved Straume Sjøfront og ferdsla for småbåttrafikken i Straumsundet.
Det var nyvald leiar Henning Ekerhovd, som tirsdag denne veka orienterte medlemmane i Komite for plan og utvikling (KPU) om den siste utviklinga i saka.
Det var interesseorganisasjonen Brukarane av Straumsundet, saman med Olav Kobbeltveit (V), som i september tok opp saka om båthavna. Meir enn 400 personar skreiv under på eit opprop om at dei fryktar at tiltaket vil redusera tryggleiken for småbåttrafikken i sundet ytterlegare, og ba om at båthavna må konsekvensutgreiast.
– Veidekke har presentert ei skisse for korleis dei ser for seg at farleia for småbåttrafikken vert etter at småbåthavna er på plass, fortalte Ekerhovd.
Det at planane om båthavna ved Straume Sjøfront no er sett på den politiske dagsorden, inneber ikkje at Veidekke er villig til å droppa båthavna. Det er også for tidleg å seia korvidt samtalane vil føra til at Veidekke kjem til å redusera planen for kor langt båthavna kjem til å stikka ut i Straumsundet, i følgje Ekerhovd.
Korvidt småbåtfolket sitt krav om konsekvensutgreiing er ein del av samtalane, svarar han ikkje på.
– Det er engasjement for denne saka heilt på toppen i Fjell kommune. Både ordførar, varaordførar og teknisk sjef er involvert i samtalane, saman med leiar for KPU, seier Ekerhovd til Tunnelsyn.no.