No kan du få bot – heile døgnet

Det er svært mange som ikkje har fått med seg at dei no må ha oblat for å parkera gratis på innfartsparkeringa ved bussterminalen på Straume. Laurdag ved lunsjtid hadde tredelen av bilane som stod på innfartsparkeringa i tilknyting til Sartor Senter fått bot.

Ei lite hyggeleg overrasking venta Anna Sofie Matre då ho torsdag kveld kom tilbake til innfartsparkeringa på Straume Terminal etter ein tur til byd´n.
Ei lite hyggeleg overrasking venta Anna Sofie Matre då ho torsdag kveld kom tilbake til innfartsparkeringa på Straume Terminal etter ein tur til byd´n.

Anna Sofie Matre frå Ekerhovd er ei av dei mange som fekk oppdaga nyordninga på den brutale måten. Torsdag kveld parkerte ho ved terminalen, slik ho har gjort svært mange gonger opp gjennom åra, og tok bussen vidare til byd´n.

Då Matre kom heim att, venta det ein gul lapp under viskaren, med krav om 500 kroner, helsing Europark.

Gratis med PeriodeSkyss
Den nye ordninga vart innført 1. oktober. Har du kjøp PeriodeSkyss, som varer sju, 30 eller 180 dagar, kan du få ut oblat frå bilettautomaten, og framleis parkera gratis.

Dei nye reglane rammar dei som ikkje har ærend i Bergen kvar dag, men som tek bussen sporadisk. Har du vanleg Skysskort, eller kjøper einskildbillett, må du heretter finna annan parkeringsplass.

Lite kjent
Matre er misnøgd med måten nyordninga har blitt kommunisert på. Dei nye reglane verkar vera lite kjent hos publikum, sjølv om det har kome opp skilt i innkøyringa.

Etter halvannan månad verkar det heller ikkje som om Fjell kommune har oversikt. Då Matre fredag henvende seg til kommunen, tok det i alle fall tid før dei i resepsjonen fann ut av dei nye reglane og kunne fortelja korleis ordninga fungerer.

Tredelen hadde fått bot

Dei nye reglane rammar dei som tek bussen sporadisk, på kveldstid og i helgane.
Dei nye reglane rammar dei som tek bussen sporadisk, på kveldstid og i helgane.

Då Tunnelsyn møtte Matre på åstaden laurdag ved lunsjtid, var innfartsparkeringa halvtom. Ein rask runde i anlegget viste at kring tredelen av dei parkerte bilane hadde fått bot.

Kveldar og helgar
– Eg kan forstå argumentet om at arbeidsreisande bør prioriterast på dagtid. På kveldar og i helgane er det likevel så få som brukar anlegget. Då bør parkeringa framleis vera gratis, utan oblat, seier Matre.

Køyrer heilt til byd´n
Dei fem minutta vi stod på Straume, kom det fleire bilistar som ikkje visste om nyordninga. Dei hadde heller ikkje fått med seg skilta før vi gjorde merksam på dei:

– I Bygarasjen er det rimeleg å stå på laurdagar. No kan vi jo like gjerne køyra heilt til byd´n, sa det eine paret, før dei sette seg i bilen og forsvann.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s