Bustadboble i Fjell

Utbyggjarane i Fjell pumpar ut nye bustadar langt raskare enn kva marknaden klarar å svelja unna. Sidan mars har talet på bustadar til sals i kommunen auka med 70 prosent.

eigedomsmarknaden i Fjell
Tomannsbustadar er det færrast av på bustadmarknaden i Fjell. Denne finn du på Vågaleitet.

Det er for tida heile 330 bustadar til sals i vekstkommunen vestom Sotrabruna, ifølgje Finn.no.

Heile 282 av dei ledige bustadane er nybygde. 235 er leilighetar.

Auka med 70 prosent
Siste halvåret er det bygd langt fleire bustadar i Fjell enn kva marknaden kan ta unna. Siste månadane har talet på bustadar til sals eksplodert. Ved utgangen av august hadde bustadkjøparane til samanlikning «berre» 258 bustadar å velja mellom i kommunen. I mars var talet heilt nede i 194.

Stabilt i Askøy
I Askøy er talet på ledige bustadar 123. Talet har vore nokonlunde stabilt så lenge Tunnelsyn.no har gjorta analyser av bustadmarknaden i region vest.

I Sund og Øygarden kan familiar på husjakt velja mellom henhaldsvis 35 og 30 bustadar. Det er ein svak auke samanlikna med i vår.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s