Vil ha meir fleksibel innfartsparkering

Politikarane i formannskapet i Fjell trudde mest ikkje sine eigne øyre då dei vart fortald at kollektivreisande til Bergen fekk 500 kroner i bot for å ha sett bilen frå seg på innfartsparkeringa på Straume, sjølv om det var mange ledige plassar.

Marianne Bjorøy
-Då eg først høyrde om kollektivreisande som får bot for å ha parkert på innfartsparkeringa på Straume, trudde eg det var feil, seier ordførar Marianne Bjorøy (Ap).

Siste vekene har telefonane gløda på rådhuset av frustrerte og sinte innbyggjarar som har reagert på å få bot for å ha parkert på innfartsparkeringa på Straume Terminal, sjølv om det har vore mange ledige plasser.

Odd Bjarne Skogestad (KrF), tok saka opp under «ymse» i Formannskapet i dag.

Manglar fleksibilitet
Dei folkevalde i Fjell vil gjerne framstå ovanfor publikum som pådrivara for gode løysingar for innfartsparkering. Klagestormen har vist dei at den nye løysinga manglar fleksibilitet.

-Då eg først høyrte om dette, trudde eg det var feil, sa ordførar Marianne Sandal Bjørøy (Ap).

Ekskluderade ordning
-Den nye ordninga er ekskluderande. Det er mange grupper kollektivreisande som ikkje kjøper sju eller 30 dagars kort, sa Anita Garlid Johannessen (FrP).

-Dette er parkeringsplassar som fylkeskommunen betaler for. Dei må då kunna brukast heile døgnet, utan å stå tomme på kveldstid, argumenterte Egil Håland (Ap)

132 + 50 plassar
Etter siste forhandlingane med Thon Sartor AS er til saman 182 parkeringsplassar i tilknyting til Straume Terminal no reservert for pendlarar som køyrer til Straume, set frå seg bilen og tek bussen siste stykket vidare mot sentrum. 132 av plassane finn vi i Straume Terminal. Dei andre er i Kystbygaransjen, fortalde rådgjevar Willy Sørensen i Fjell kommune.

Steg tilbake
– Med den nye ordninga tek Fjell kommune eit langt steg tilbake når det gjeld innfartsparkering, hevda Olav Kobbeltveit (V).

– Eg er samd i at dei som har kjøpt sju eller 30 dagars kort bør prioriterast, men den ordninga vi ser no manglar fleksibilitet. Det må vera mogeleg å gå tilbake til ei ordning der bussreiande kan parkera  på kveldstid utan oblat, sa varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Etterlyser fleksibiliet
-Det må finnast ei meir fleksibel ordning enn den som no vert praktisert. Om den startar klokka 13, eller klokka 18, vil eg ikkje ta stilling til her og no. Kommunen må vera ein pådrivar for å få Hordaland fylkeskommune og Thon Sartor AS til å justera reglane, sa Odd Bjørn Skogestad (KrF).

-Ordninga har blitt som ho har blitt, avdi nokon har misbrukt ho. Er det noko vi kan leva med, spurte Håland.

– Så lenge det er ledig kapasitet på kveldstid, så trur eg det. Om nokon parkerer her og går og handlar, so what, svara Olav Kobbeltveit.

Så lenger det er plass
– Fjell kommune kontaktar Hordaland fylkeskommune og Thon Sartor AS for å få ei meir fleksibel løysing. Vi kan til dømes visa til utkastet til regional transportplan der Vestsidevegen er halden utanfor den føreslegne kollektivaksen. Korleis skal dei som bur her ta seg fram til Straume utan bil? Kollektivreisande må kunna parkera gratis på Straume Terminal, så lenge det er plass likevel, sa ordførar Marianne Sandal Bjørøy.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s