– Det var då veldig mange!

– Dette får marknaden ordna opp i på eiga hand, utbraut dagleg leiar Svein Bergh i Husbyggerenes Innkjøpskontor AS då Tunnelsyn konfronterte han med påstanden om at det har utvikla seg ei bustadboble i Fjell.

- Det gjeld å ha råd til å sitja på dei uselde bustadane til marknaden snur, smiler Svein Bergh i Husbyggerenes Innkjøpskontor.
– Det gjeld å ha råd til å sitja på dei uselde bustadane til marknaden snur, smiler Svein Bergh i Husbyggerenes Innkjøpskontor.

330 bustadar til sals i Fjell? Det var då veldig mange, seier Bergh. Sist utbyggjaren sjølv sjekka salstala på Finn.no var talet kring 150.

Inga kommunal problemstilling
Den erfarne utbyggjaren ønskjer likevel ikkje å dramatisera situasjonen. Han avviser kontant at det skal vera behov for kommunale tiltak:

– Det kan ta tid å omsetja bustadar i dag. Dette får marknaden ordna opp i på eiga hand, sa han.

At heile 285 av bustadane er nye bekymra han, men så er då ikkje alle bygde, enno. Eindel, mellom anna Straume Sjøfront, vert selde på som prosjekt. Melder det seg ikkje nok kjøparar til eit prosjekt, vert prosjektet ikkje bygd.

Berga av kommunen?
– Fjell kommune planlegg å investera 140 millionar kroner i bustadar til eldre og vanskelegstilte neste år. Kan det berga nokre av dei tungtselde prosjekta?

– Desse bustadane må spesialtilpassast brukargruppene. 90 prosent av det som er til sals no er ordinære bustadar, seier Bergh.

Ikkje tilpassa marknaden?
Utbyggjaren snakkar dermed stikk mot rådmann Steinar Nesse i Fjell som går på talarstolen i kommunestyret og skryt av at kommunen sine kjøp har sikra det økonomiske grunnlaget for at fleire utbyggingsprosjekt har kome i gang.

Korvidt det trege salet kan skuldast at bustadane som er til sals er for store og dyre for marknaden, ønskjer Bergh ikkje å kommentera.

Historien gjentek seg
Dagens situasjon på den lokale bustadmarknaden minnar Bergh om 2008. Då var det og ein periode der det var veldig vanskeleg å få seld bustadar, inntil marknaden brått snudde året etter. No satsar han på at historien skal gjenta seg:

– Det gjeld å ha råd til å sitja på dei uselde bustadane til marknaden snur, smiler leiaren for Husbyggerenes Innkjøpskontor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s