Sotratrøya – den originale

Den opphavelege Sotra-trøya vart nytta både til kvardag og fest – heile døgnet. Tunnelsyn kan no visa bilete av ein tidleg variant av trøya.

20151109_gammal rosetrøye
Rose-trøye frå Sotra, slik ho vart avbilda i Norsk Husflid 1/1984.

Saka om ”Stjernetrøya frå Sotra”, har blitt svært mykje lese og delt av Tunnelsyn sine lesarar. Slik fekk også den utflytta fjellsokningen Martha Nordland frå Brattholmen kjennskap til arbeidet med å gje det tradisjonsrike strikkaplagget ein renessanse.

Breidt kvitt brot
Den tidlege Sotratrøya var strikka i ubleika kvitt og brunt, og hadde knappestolpe og breidt kvitt brot nede på bolen, viser bileta som Nordland har funne i ein artikkel i Norsk Husflid frå 1984.

Det breie kvite brotet vart stukke ned i vadmelsbuksa, og varmde sikkert godt.

Takka vera Martha Nordland kan Tunnelsyn no visa bilete av ein tidleg variant av plagget.

Allsidig bruk
Trøya var eit stasplagg og vart nytta til fest, viser bileta i artikkelen. Men bruken må ha vore svært allsidig, skal vi tru namngjevinga. Trøya vart nemleg også kalla ”natt-trøye”, i følgje Marie Fjereide som skreiv artikkelen i husflidsbladet.

Trøya artikkelen refererte til var den gongen i ein liten privat samling.

Nedanfor kan du lesa artikkelen i Norsk Husflid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s