Fjellsokningane har mest gjeld

Fjellsokningane tenar mest,men er framleis dei mest forgjelda i Bergensområdet. Asketappane halar snart innpå, aukar dei låneopptaket i same takt som i fjor.

Norske kronerSkattestatistikken til SSB avslører korleis det står til med privatøkonomien til folk flest, og er ein god indikator på kor godt rusta innbyggjarane i regionen står til å møta hardare tider.

Skilnadane mellom brutto inntekt, utlikna skatt, bankinnskot og gjeld i dei fire kommunane i region vest og i Bergen er til dels store. Statistikken viser gjennomsnittet for alle over 17 år.

På inntektstoppen
Med ei brutto inntekt på 447.700 kroner toppa fjellsokningane inntektsstatistikken framfor bergensarane (442.200) og askestrilane (426.600).

Fjellsokningane tente i snitt 31.400 kroner meir enn øygardsstrilane, som har lågast brutto inntekt i regionen.

Høgast lån
Fjellsokningane sette bremsane på når det gjaldt nye låneopptak i fjor. Ved årsskiftet hadde kvar av dei likevel ei gjeld på 810.600 kroner. Det er ikkje berre høgaste lånebeløpet i kroner. Med ei gjeld tilsvarande 1,88 gongar brutto inntekt, er fjellsokningane også dei som tek høgast økonomisk risiko.

Askøytappane var dei som auka låneopptaket mest gjennom fjoråret. Etter låneopptak på 48.800 kroner har dei no ei snittgjeld på 803.100 kroner.

Minst forgjelda
Sundsokningane er dei minst forgjelda i regionen, men ivrar tydelegvis etter å klatra på lista. Etter nye låneopptak på 41.000 kroner, skuldar kvar no i snitt 725.000 kroner, heile 85.600 kroner mindre enn naboane i nord.

Lågast låneopptak hadde øygardsstrilane, med ein auke på 28.000 kroner.

Største reservane
Bergensarane peikar seg ut ved å spara mest, og ha mest pengar i banken. Etter å ha auka kontantbehaldninga med 17.500 kroner, har kvar av dei no i snitt 256.200 kroner – godt over ein halv årsløn – i bakhand til å dekka uføresette kostnadar.

Fjellsokningen nøyer seg med ein likvid reserve på 210.700 kroner. Dårlegast rusta likviditetsmessig står øygardsstrilane. I tilfelle noko kjem på, har dei 68,500 mindre å rutta med enn bergensarane..

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s