– Lag heller gang- og sykkelveg

– Ein gang- og sykkelveg frå Fjell Gard er det som må til for å løysa parkeringsproblema på Gjerdet kulturminnegard.

Ein parkeringsplass her løyser ikkje parkeringsproblemet i tilknyting til bruken av Russarstegen og Festningsområdet, hevdar nabo Magnar Pedersen.
Ein parkeringsplass her løyser ikkje parkeringsproblemet i tilknyting til bruken av Russarstegen og Festningsområdet, hevdar nabo Magne Pedersen.

Det meinar i alle høve nabo Magne Pedersen i Bankesteinvegen. Parkeringsplassen på Gjerdet kulturminnegard i dag er altfor liten. Den smale Bankesteinsvegen er skilta med parkering forbode. Beburane i vegen har likevel i lengre tid vore plaga med vill-parkering i samband med arrangement på Gjerdet.

Plaga med vill-parkering
-Heldigvis har ikkje parkeringsproblema samanfalle med nokon situasjon der vi har hatt behov for å tilkalla ambulanse eller brannbil, seier Pedersen.

Parkeringsproblema på Gjerdet må løysast, men parkeringsplassen kommunen no har teke til å opparbeida utan å søkja er feil løysing, meinar Magne Pedersen.

Vår tur no
På Fjell gard finst rikeleg med parkering, men gang- og sykkelveg til Gjerdet kulturminnegard manglar.

– Heile trafikken til og frå Sund og Søre Fjell går forbi her. Ingen andre vegar på Sotra som er så sterkt trafikkerte, manglar grunnleggjande trafikksikringstiltak som gang- og sykkelveg, argumenterer Pedersen.

Populært turområde
Særleg ille har parkeringsproblemet vore i tilknyting til den aukade bruken av Russarstegen, i følgje Pedersen.

Parkeringsplassen på Gjerdet må sjåast i samanhang med bruken av Festningsområdet som turområde, meinar han. Festningsområdet er det mest populære turområdet i Fjell, noko Pedersen seier han er glad for.

– Dette er ikkje noko angrep på folk som ønskjer å gå tur i området kring Festninga, eller på Turlaget, understrekar Pedersen.

-For liten, uansett
Til eit slikt populært turområde trengst parkering. Sjå berre på parkeringa i Festningskrysset på Telnes. Om anlegget hadde vore dobbelt så stort, ville det ha vore for lite, hevdar Pedersen.

Parkeringsplassen kommunen no opparbeidar på Gjerdet er uansett for liten til å dekka behovet, slik Magne Pedersen ser det.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s