Lagar parkeringsfylling utan søknad

– Denne parkeringsplassen på Gjerdet kulturminnegard burde Fjell kommune ha søkt om, hevdar nabo Magne Pedersen i Bankesteinvegen.

- Denne parkeringsplassen burde Fjell kommune ha søkt om løyve til, hevdar nabo Magnar Pedersen. Norstein Gjengedal i plan og bygningsavdelinga veit ikkje kva han skal svara.
– Denne parkeringsplassen burde Fjell kommune ha søkt om løyve til, hevdar nabo Magne Pedersen. Norstein Gjengedal i plan og bygningsavdelinga veit ikkje kva han skal svara.

Mange lastebillass med stein og jord har dei siste vekene blitt fyllt ut i terrenget langsmed Bankesteinsvegen bak tyskarbrakken på Gjerdet kulturminnegard. Nabo Magne Pedersen er leiar for veglaget, og saknar informasjon om tiltaket.

Ikkje søknadspliktig?
Fyllinga skal verta ein parkeringsplass på 17 gangar 17 meter, fekk Pedersen vita då han henvendte seg til Kulturavdelinga i Fjell kommune.

Samstundes fekk Pedersen opplyst at tiltaket ikkje er søknadspliktig.

I LNF-område
– Fyllinga er laga i LNF-område, på landbruksjord. På nedsida ruvar ho meir enn fire meter over terrenget. Eg kan ikkje skjøna at eit slikt tiltak ikkje skal vera søknadspliktig, seier Pedersen.

Han reagerer på at det er kommunen som står som tiltakshavar:
– Hadde eg som privatperson forsøkt meg på noko tilsvarande, hadde eg blitt stoppa, hevdar Pedersen.

-Dannar presedens
Arg over å måtta sjå på det han meinar er eit ulovleg tiltak, har Pedersen kontakta både Plan og bygningssjefen og Eigedomssjefen i Fjell. Han har og teke saka opp med politikarar han kjenner.

– Passerer dette tiltaket nålauga i kommunen, vil det heilt klart danna presedens for kva som kan utførast utan søknad i LNF-område, hevdar Pedersen.

På synfaring
Tre representantar for plan og bygningsavdelinga var på synfaring på Gjerdet då Tunnelsyn møtte Pedersen der i dag.

Korvidt tiltaket var søknadspliktig eller ikkje, ønska kommunen sine representantar ikkje å kommentera.

– Vi er her for å måla og ta bilete, laud den knappe kommentaren frå Norstein Gjengedal i Fjell kommune.

Bra med rask respons
– Det er positivt at plan og bygningsavdelinga kjem på synfaring så raskt, seier Pedersen. Helst ville han ha svar der og då:

– Her er det fleire tilhøve som må vurderast. Både Plan og bygningslova og Jordlova må nyttast i dette tilfellet, var alt Gjengedal ville seia etter at målinga var avslutta.

Les også:
– Lag heller gang- og sykkelveg – parkerinsplass feil løysing

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s