Varslar opprør mot fylkeskommunen

Forslaget til regional areal- og transportplan grip inn i det lokale sjølvstyret og legg opp til for sterk sentralisering, meinar formannskapet i Fjell.

Tom Georg Indrevik.
– Hordaland fylkeskommune sin areal-og transportplan legg opp til overstyring av kommunane på område der vi er i stand til å gjera vedtak sjølv, hevdar varaordførar Tom Georg Indrevik.

Plan og bygningslova legg opp til aukande bruk av overordna, regionale planar. No byrjar det gå opp for politikarane i Fjell at dei har sove i timen medan planavdelinga i Hordaland fylkeskommune har jobba. Det likar politikarane i formannskapet dårleg. No vil dei senda ein kritisk høyringsuttale til forslaget til regional areal- og ransportplan.

Fleire døme
Plan for regional senterstruktur er eit anna døme på fylkeskommunale planar som er vedtekne siste tida og som legg sterke føringar for kva kommunane kan føreta seg.

Overstyra kommunen
-Forslaget til areal- og transplan for Hordaland legg opp til å overstyra kommunen på område der vi i stadig sterkare grad er i stand til å gjera vedtak sjølv, hevda varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Detaljstyring
Særleg reagerer varaordføraren på fylkeskommunen sitt forslag til sentralisering i kommunane:

-Fylkeskommunen vil detaljstyra korleis vi skal utvikla småsamfunna våre, sa Indrevik.

Han var overraska over at planen ikkje tek med innspel frå den nye arealplanen i Fjell, til dømes når det gjeld prioritering av Vestsidevegen som kollektivakse. Dette er trass alt ein plan fylkeskommunen har vore med på å utvikla.

Overser lokale sentre
-Planen legg opp til sterk vekst i nokre få sentre, som er svært snevert definert. Fleire lokale sentrum i kommunen er ikkje teke med i planen, skriv rådmann Steinar Nesse i utkastet til høyringsframlegg.

Utanfor mandat
– Utkastet til Hordaland fylkeskommune bevegar seg i retning overstyring. Det er ei rolle fylkeskommunen ikkje er tiltenkt. Det beste er om fylkeskommunen konsenterer seg om kollektivtransport og vidaregåande opplæring, som dei faktisk har ansvar for, hevda Nesse.

Til kommunestyret
Utkastet til høyringsuttale skal vidare til kommunestyret før det vert sendt.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s