Forsvarar naturinngrep

Monstermaster, fossar i rør og store damanlegg vart tidleg oppfatta som ein ubehageleg konsekvens av framsteget. Sotrastrilen sin tapte kamp mot ”Stoltebergarane” på 1990-talet må forståast i lys av arbeidet for å byggja landet.

Kraftutbygging, Arbeiderpartiet
Arbeiderpartiet lukkast med å setja likhetsteikn mellom framsteg og elektrisistetsutbygging. Her ein valkampplakat frå 1953. Kjelde: NVE.

Moderne nordmenn tek det som sjølvsagt at det er lys i lampa og varmt vatn i dusjen til eikvar tid. Men slik har det berre vore siste 70 – 100 åra. I store delar av verda er slikt framleis ein utenkjeleg luksus, fortalde Kristine Fiksen i konsulentselskapet Thema Group AS.

Spesialisten på det norske kraftsystemet tok sist veke medlemmane i Senioruniversitetet i Øygarden og Sotra med på ei reise gjennom den norske krafthistorien.

Vinnarlodd
Nordmenn har trekt vinnarloddet ikkje berre når det gjeld olje og gass, men også når det gjeld fornybar energi, ifølgje Fiksen.

Som eit resultat av tilgang til rikelege mengder lett utbyggbar vasskraft, er Norge i dag er eit av få land i verda der storparten av den dyrebare elektrisiteten vert nytta til oppvarming.

Naturvernprotestar
Vasskraftproduksjonen skjer i ulendte strøk, i høgfjellet og i isolerte fjordarmar. Forbruket derimot skjer i urbane strøk. Dei geografiske skeivhetane mellom forbruk og produksjon, utløyste behov for eit omfattande og landsdekkjande overføringsnett.

Kristine Fiksen
Kristine Fiksen

Den første store protestaksjonen kom i Oslo. Så tidleg som i 1946 demonstrerte 30.000 mot bygginga av overføringsnettet gjennom det mykje nytta turområdet Nordmarka.

Konsekvens av moderniseringa
-Naturinngrepa i kjølvatnet av kraftutbygginga er ein naudsynt konsekvens av moderniseringa av det norske samfunnet, ifølgje Fiksen.

Ei haldning ho kan tilbakeføra til etterkrigsåra då Arbeidarpartiet lukkast med å setja likhetsteikn mellom storstilt elektrisitetsutbygging, gjennoppreising og modernisering.

Kraftmarknad
Innføring av energilova i 1990 la grunnlaget for ei effektivisering av produksjonen. Vel så viktig var det at den utløyste etableringa av ein nasjonal kraftmarknad. Vi fekk spotpris, og større prisvariasjonar gjennom året, samstundes som det opna for Norge si deltaking i ein felles nordisk og europeisk kraftmarknad.

No står kraftleverandørane framfor nye store investeringar. Nye vassdrag må byggjast ut for å møta EU sitt krav om fornybar energi. Gammalt overføringsnett må fornyast til å tåla dagens behov for kapasitet, samstundes som det internasjonale overføringsnettet skal byggjast vidare ut. Samstundes kjøper internasjonale aktørar opp norske kraftverk.

Naturinngrep

Arbeiderpartiet
Sigeren er vunne – no skal landet byggjast. Arbeiderpartiet sin valkampplakat i 1945. Kjelde: NVE

Fleire av dei siste utbyggingane har vekt omfattande protestar. Både hardingar og sogningar har gått hardt ut for å motsetja seg det dei oppfattar som omfattande inngrep i ein urørt og sårbar natur.

– Vi må sjå på tilhøvet mellom forsyningssikkerhet, kostnadar og naturinngrep, og avvega nytte og kostnad, seier Fiksen.

– Alternativet er kraftrasjonering. Er det noko vi ønskjer, spør Fiksen.

Ikkje svart – kvitt
-Ingenting er svart – kvitt. Avhengig av kven du snakkar med, vil dei vektlegga ulikt, seier krafteksperten.

Naturvernarane likar det ikkje.

 

Les også:
Ny trafostasjon skal sikra straumforsyninga.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s