– Gjeld same reglar for kommunen som for innbyggjarane

Parkeringsfyllinga på Gjerdet kulturminnegard er ukjent for varaordførar Tom Georg Indrevik (H). No har han bedt plansjefen om ei forklaring.

Tom Georg Indrevik.
– Det var rett av plansjefen å stoppa arbeidet, så lenge vi ikkje veit kva dette er, seier varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Varaordføraren er ein av politikarane i Fjell som har blitt oppringt frå oppøste naboar med spørsmål om kva det er kommunen eigentleg føretek seg på Gjerdet.

– Eg kjenner ikkje til dette, og veit heller ikkje kva føremålet med tiltaket er, seier Indrevik som i forrige velperiode var leiar for komite for plan og utvikling i Fjell.

Han viser til at det låg ein mindre fylling på staden tidlegare, og at arbeidet skjer i tilknyting til den.

Anar ikkje
– Så lenge eg ikkje veit kva føremålet er, kan eg heller ikkje seia noko om korvidt tiltaket er søknadspliktig eller ikkje, seier Indrevik.

I håp om å finna ut av saka har varaordføraren bedt plansjefen om eit notat som gjer greie for både føremål og eventuell søknadsplikt.

Rett å stoppa arbeidet
Det var heilt rett av plansjefen å stoppa arbeidet, så lenge vi ikkje veit kva dette er. Same reglane gjeld for kommunen som for innbyggjarane, seier varaordførar Tom Georg Indrevik.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s