Har stoppa arbeidet på Gjerdet

Arbeidet med parkeringsplassen på Gjerdet kulturminnegard er stoppa.

- Denne parkeringsplassen burde Fjell kommune ha søkt om løyve til, hevdar nabo Magnar Pedersen. Norstein Gjengedal i plan og bygningsavdelinga veit ikkje kva han skal svara.
– Denne parkeringsplassen burde Fjell kommune ha søkt om løyve til, hevdar nabo Magne Pedersen. Norstein Gjengedal i plan og bygningsavdelinga visse ikkje kva han skal svara. No er arbeidet stoppa.

Sist veke gjekk nabo Magne Pedersen ut i Tunnelsyn og klaga på opparbeidinga av parkeringsplass på Gjerdet kulturminnegard. Det er Fjell kommune som er ansvarleg for arbeidet, og Pedersen meinte at kommunen burde ha søkt om løyve før dei gjekk i gang med tiltaket.

Ville ikkje kommentera
Tre representantar frå plan og bygningsavdelinga i kommunen var på synfaring på staden fredag sist veke. Dei ønska då ikkje å kommentera korvidt parkeringsplassen var søknadspliktig eller ikkje.

Stoppa i påventa av avklaring
Denne veka har det blitt fylt på fleire lass med stein og jord, men onsdag denne veka fekk Pedersen melding om at arbeidet no er stoppa i påvente av ei avklaring.

– Eg er glad arbeidet er stoppa, seier Pedersen.

Bør fjernast
-Parkeringsplassen bør ikkje få tillating i ettertid, dersom det er slik at tiltaket er søknadspliktig. Hadde det vore meg som hadde gjort noko tilsvarande, hadde eg blitt nøydd til å fjerna tiltaket, seier Pedersen.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s