Hagen som ladestasjon

Nedbygging av natur, køkøyring og stressa kvardagsliv aktualiserer behovet for å oppgradera hagen til psykisk ladestasjon. Psykolog Grethe Nordhelle har skrive bok om kvifor stadig fleire vert hekta på hagen.

hagepsykologiOslo-psykologen var nyleg i Bergen og inspirerte Hageselskapet i Hordaland om verdien av hageliv og korleis urbane menneskjer kan henta ro og leva meir i pakt med naturen.

Hagepsykologi
-Kva er det med hagen som gjer oss hekta, filosoferer Nordhelle som nyttar sin eigen hage i tilknyting til terapien ho utøver i psykologpraksisen på Bygdøy.

I boka ”Hagespykologi” som nyleg har kome ut, freistar ho gje ei svar:

Motvekt
– I ei tid der så mykje natur vert bygd ned og øydelagt, vert hagen stadig viktigare for å skapa sinnsro og balanse i livet. I Oslo og Bergen står mange unge i lange køar, i håp om å skaffa seg ein ørliten parsellhage der dei kan dyrka sine eigne grønsaker og blomar. Hagen vert ei naturleg motvekt til urbaniseringa rundt oss, seier Nordhelle.

Natur i fortetta form
Bilkøane mange av oss opplever dagleg er ein stressfaktor. At omgivelsane påverkar oss, er Nordhelle ikkje i tvil om. Som vaksne kan vi stort sett velja kva menneskjer vi omgjev oss med. I tastetrykkets tidsalder er vi likevel i ferd med å fjerna oss frå naturen og over i teknologien. Då gjeld det å ikkje la tastetrykket ta overhand, seier psykologen.

– Bruk hagen som psykisk ladestasjon. Vi kan ikkje melda oss ut av samfunnet, men er nøydde til å forhalda oss til teknologien. Når vi vert nøydde til å dra stadig lenger for å oppleva den ville naturen, vert hagen natur i fortetta form, seier Nordhelle.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s